Vinger kyrkje er ei krosskyrkje på Kongsvinger i Innlandet fylke. Kyrkja vart oppført i 1697, men vart innvigd fyrst i 1699. Ho avløyste ei mellomalderkyrkje på den andre sida av elva. Kyrkja er like attmed festningen og var i si tid garnisonskyrkje. Det var ekserserplass framfor kyrkja, der det no er parkeringsplass.

Kyrkja har vorte restaurert ei rekkje gonger og inventar skifta ut. I november 2013 vart nytt orgel tatt i bruk.

Nord for kyrkjegarden er eit krematorium frå 1970-talet, det einaste i drift i Hedmark per 2013.

Biletgalleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kongsvinger kyrkjelege fellesråd

Artemisia.no

Kategori:Kyrkjer i Kongsvinger Kategori:Kulturminne i Kongsvinger Kategori:Kyrkjer i Solør, Vinger og Odal prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1690-åra Kategori:Valkyrkjer i 1814