Sir William Crookes () var ein engelsk kjemikar og fysikar. Han gjekk på Royal College of Chemistry i London, og arbeidde med spektroskopi.

Crookes vart utnemnd til medlem av Order of Merit og var president i Royal Society 1913–15.

Han undersøkte elektriske utladingar i glasrøyr med gass under lågt trykk, Crookes-røyr, der han påviste eit mørkt område, Crookes-mørkerom

Han påviste at det fanst helium i sola og i mineralet cleveitt. Han oppdaga metallet thallium og separerte thorium frå uran. For å verne augo til industriarbeidarar mot intenst lys laga han briller av mørkt glas, og kan derfor reknast som oppfinnar av solbrillene. Han var òg sterkt oppteken av spiritisme.

Prisar (utval) – Copleymedaljen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Crookes» frå , den 7. november 2013.

Kategori:Britiske riddarar Kategori:Engelske kjemikarar Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Presidentar i Royal Society Kategori:Vitskapsfolk frå London Kategori:Grunnstoffoppdagarar Kategori:Copleymedaljen Kategori:Royal Medal Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Kjemikarar på 1800-talet Kategori:Kjemikarar på 1900-talet Kategori:Thallium