Ein SQUID (forkorting for engelske superconducting quantum interference device eller «superleiande kvanteinterferensapparat») er eit særs kjenselvart magnetometer nytta til å måle særs svake magnetfelt, basert på superleiande sløyfer med Josephson-samband.
SQUID-apparat er sensitive nok til å måle felt så svake som 5 aT (5×10−18 T) i løpet av eit par dagar med midla målingar. Støynivået deira er så lågt som 3 fT·Hz-½. Til samanlikning produserer ein vanleg kjøleskapsmagnet 0,01 tesla (10−2 T), og somme prosessar i dyr produserer særs svake magnetfelt mellom 10−9 T og 10−6 T. Eit nyleg oppfunne SERF atom-magnetometer er potensielt meir sensitivt og krev ikkje særs låge temperaturar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «SQUID» frå , den 3. november 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Oppfinningar frå USA Kategori:Måleinstrument Kategori:Superleiing Kategori:Magnetometer