mini|Diagram av ei Mariotte-flaske. Mariotte-flaske er ei flaske som er nesten fylt med væske og der det i halsen er sett inn lufttett eit ope røyr som går eit stykke ned i væska. Ved botnen av flaska er ein utløpsopning. Utløpssnøggleiken er bestemt av høgda frå botnen til røyropninga og blir konstant sjølv om nivået i flaska søkk. Når væska renn ut, strøymer luftbobler inn i flaska gjennom det opne røyret. Maroitte-flaska vert nytta teknisk der det gjeld å halde utløpssnøggleiken av ei væske konstant.

mini|venstre|Mariotte-flaske.

Mariotte-flaska har namn etter oppfinnaren, den franske fysikaren Edmé Mariotte (om lag 1624–1684), som hadde ein teikning av ei slik flaske i verka sine.Œuvres de Mariotte (2 volumes, 1717). Réédition : J. Peyroux, Bordeaux, 2001. Documentation service University of Strassbourg and Google books.

Kjelder

Kategori:Jordfysikk