Geir Sigbjørn Toskedal () er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti frå Karmøy. Han er stortingsrepresentant for Rogaland fylke sidan 2013.

Toskedal, som har vore rektor ved Karmøy Kulturskole, har sidan 1991 representert Kristeleg Folkeparti i kommunestyret i Karmøy. Sidan 2007 har han også vore fylkestingsrepesentant for partiet i Rogaland. Toskedal stod på andreplassen på Rogaland Kristeleg Folkeparti si liste til stortingsvalet 2013, han vart vald inn på Stortinget som representant nummer tretten frå Rogaland. På tinget er han medlem av Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi nrk-rogaland

Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Folk frå Karmøy