Carl Gustaf Emil Mannerheim () var ein finsk (finlandssvensk) adeleg offiser, politikar og oppdagar som var president i Finland frå 1944 til 1946. Han vert oftast omtala som Gustaf Mannerheim eller berre Mannerheim.
Liv Mannerheim vart fødd i Louhisaari (svensk Villnäs) i Finland, og døydde i Lausanne i Sveits. Han var i russisk teneste til oktoberrevolusjonen i 1917.
Mannerheim var øvstkommanderande for dei finske regjeringstru (kvite) styrkane under den finske borgarkrigen i 1918, riksforstandar frå 1918 til 1919, feltmarskalk 1933, og finsk øvstkommanderande frå utbrotet av vinterkrigen i 1939. Han vart utnemend til marskalk av Finland i 1942.
Den 4. august 1944 vart Mannerheim den sjette presidenten i Finland. Mange trudde at berre han kunne «leia landet til fred» mot slutten av den andre verdskrigen. Same året mottok han storkrossen av Finlands løves orden. Den 8. mars 1946 gjekk Mannerheim av som finsk president.
Mannerheim gav namn til den finske forsvarslinja (Mannerheimlinja) under den finske vinterkrigen og den finske framhaldskrigen.
Mannerheim vart vald til Århundrets finlendar i ei stor fjernsynsrøysting i Finland i 2004.
Sjå òg Mannerheimkorset
Bakgrunnsstoff
Mannerheim nettstad
Kategori:Folk frå andre verdskrigen Kategori:Finske presidentar Kategori:Finske politikarar Kategori:Finske offiserar Kategori:Fødde i 1867 Kategori:Døde i 1951 Kategori:Finlandssvenskar Kategori:Finlands løves orden Kategori:Elefantordenen Kategori:Sverdordenen