Gwendolen Mary John () var ein britisk målar, fødd i Haverfordwest i Wales, som i størstedelen av livet måla i Frankrike.
Liv og gjerning Gwen John studerte i tre år på Slade School of Art i London, før ho i fire månader var i lære hos James Whistler i Paris. I 1899 reiste ho tilbake til London, men slo seg i 1904 for godt ned i Frankrike. Frå 1911 budde ho i Meudon, ein forstad til Paris. Ho konverterte til katolisismen i 1913: «Religionen min og kunsten min er livet mitt».
mini|venstre|'Rekonvalesenten', ca. 1923-24 mini|'Katt', 1904-08 Arbeida hennar omfattar i hovudsak portrett av unge kvinner, mellom dei også av nonner. Nesten alle dei 158 kjende oljemåleria er i småformat, berre sjeldan over 60 centimeter i lengde eller høgde. Derimot finst det i tusental av teikningar og ei heil mengd akvarellar.
Offentleg var Gwen John lite kjend i samtida, hennar einaste separatutstilling fann stad på New Chenil Galleries i London. Frå 1960-åra har verk av henne vorte synt fram på fleire store utstillingar.
Ho døydde i Dieppe, straks etter utbrotet av andre verdskrigen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gwen John» frå , den 2. oktober 2013.
Kategori:Britiske målarar Kategori:Walisiske målarar Kategori:målarar frå 1800-talet Kategori:målarar frå 1900-talet