«Stand by Me» er ein song opphavleg framført av Ben E. King og skriven av King, Jerry Leiber og Mike Stoller, inspirert av samla «Lord Stand by Me»,Whitburn, Joel (2002). Top Pop Singles 1955–2002, s. 382. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc., ISBN=0-89820-155-1. i tillegg til to linjer frå Salmane 46:2–3. Det finst over 400 innspelingar av songen. Songen vert nytta i musikken til filmen Stand By Me frå 1986.

Songen I følgje dokumentaren History of Rock 'n' Roll hadde ikkje Ben E. King tenkt å spele inn songen sjølv då han skreiv han."Good Rockin' Tonight". (c) 1995 Time-Life Video. King hadde skrive han for The Drifters, som avslo songen. Etter innspelinga av «Spanish Harlem» hadde King noko studiotid til overs. Produsentane for innspelinga, Jerry Leiber og Mike Stoller, spurte om han hadde fleire songar. King spelte «Stand by Me» på pianoet for dei. Dei likte han og kalla studiomusikarane attende for å spele han inn.

Stoller hugsar det annleis: Eg hugsar med kom ut frå kontoret vårt medan Jerry og Ben arbeidde på teksten til ein ny song. Kind hadde byrjinga av ein melodi som han song acappella. Eg sette meg ned med pianoet og arbeidde fram harmoniane, utvikla eit bassmønster som vart kjenneteiknet til songen. Ben og Jerry skreiv raskt ferdig teksten...Hound Dog: The Leiber & Stoller Autobiography Jerry Leiber og Mike Stoller with David Ritz. s. 174. Publisert av Simon & Schuster, 2009.

Somme hevdar at arrangøren Stan Applebaum ikkje berre kunne ha laga eit heilt strykearrangement på sparken mot slutten av innspelingar, og heller ikkje klart å kopiert og fordelt alle delane, noko som støttar den mindre dramatiske versjonen av korleis songen vart til. Med på songen spelte Romeo Penque på saksofon, Ernie Hayes på piano, Al Caiola og Charles McCracken på gitarar, Lloyd Trotman på bass, Phil Kraus på perkusjon og Gary Chester på trommer.

King nådde toppen av R&B-lista med songen og ein fjerdepalss på poplista i USA, då han kom ut i 1961. I 1986 vart songen gjeven ut på ny i samband med filmen med same namn, og han nådde då niandeplassen på lista. Han vart då òg nytta i ein reklame for Levi Jeans. Songen nådde førsteplassen på singellista i Storbritannia i 1987, hovudsakleg på grunn av reklamen, og 27. plass då han kom ut første gongen.

Songen vart ikkje gjeven ut på eit album før to år etter singelen, på albumet Don't Play That Song!.

«Stand by Me» vart rangert på 122. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 1999 kåra BMI songen til den fjerde mest framførte songen på 1900-talet, med kring sju millionar framføringar.BMI.com | News | BMI Announces Top 100 Songs of the Century

27. mars 2012 annonserte Songwriters Hall of Fame at «Stand By Me» skulle få Towering Song Award fro 2012 og at King skulle ærast med Towering Performance Award for innspeligna av songen.www.songhall.org: Stand By Me Named Towering Song, Ben E. King Towering Performance, 27. mars 2012. Vitja 30. september 2013.

Struktur Songen nyttar ein versjon av den vanlege akkordprogressjonen som no vert kalla 50-talsprogresjonen, som òg har vorte kalla «'Stand by Me'-endringar»"The So-Called 'Flattened Seventh' in Rock". Allan Moore. Popular Music, Vol. 14, No. 2 (May 1995), pp. 185–201. Published by: Cambridge University Press. etter songen.

Kjende innsprlingar Det finst over 400 innspelingar av «Stand by Me». Somme av dei mest kjende er: Led Zeppelin framførte denne songen mange gonger på konsertane sine, som ein kan høyre på mange av piratkopiplatene deira. Jimi Hendrix spelte songen. Max Romeo spelte songen i reggaestil. Ben E. King spelte ein song som var ei musikalsk omskriving av «Stand By Me» kalla «Don't Play That Song (You Lied)».Don't Play That Song (You Lied) Who Sampled Little Milton spelte ein versjon for We're Gonna Make It (1965), det første albumet hans for Chess Records. Spyder Turner sin versjon frå 1967 nådde tredjeplassen på Billboard Black Singles-lista og 12. plassen på Billboard Hot 100.An interview with Spyder Turner in 2010 at Soul Express Adriano Celentano gav ut ein versjon på italiensk og spansk.Adriano Celentano – Rezaré (Pregherò) The Searchers tok med songen på debutalbumet Meet the Searchers i 1963. Muhammad Ali (då framleis kalla Cassius Clay) spelte inn songen i 1964.Song Stand By Me, recorded in 1964 by Muhammad Ali, then known as Cassius Clay.Different versions ofStand By Me Billy Joe Royal spelte inn ein versjon av songen i 1968. Otis Redding spelte inn ein versjon for albumet Pain in My Heart. John Lennon spelte inn ein versjon av songen i 1975 for albumet Rock 'n' Roll. Lennon sin versjon var den siste han gav ut før han tok ein fem år lang pause frå musikkindustrien. Denne versjonen var meir rock enn R&B. B-sida til singelen var «Move Over Ms. L», ein sjeldan og rusten song med The Who-trommis Keith Moon. Den amerikanske singelen «Stand By Me» med «Move Over Ms. L» nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 chart. I 1977 gav Capitol Records ut ein Oldies reissue 45 på Capitol Starline med «Stand By Me» og «Woman Is the Nigger of the World». Sonen hans Julian Lennon spelte ein konsertversjon av songen som vart nytta i filmen Playing for Keeps. Det vart òg laga ein musikkvideo til denne versjonen.Stand By Me – Julian Lennon @YouTube.com Retrieved 7. juli 2012. Ry Cooder spelte inn ein versjon i 1976 for albumet Chicken Skin Music. Jerry Leiber og Mike Stoller spelte ein versjon for musikalen Smokey Joe's Cafe. Mickey Gilley framførte ein versjon i filmen Urban Cowboy frå 1980. Denne nådde toppen av countrylista i august det året, 22. plass på poplista og ein 3. plass på Adult Contemporary-lista i USA. Mink DeVille spelte songen på Montreux Jazz Festival 1982. Alvin and the Chipmunks spelte inn songen for Alvin and the Chipmunks-episoden «When the Chips Are Down» i 1987. The Gaslight Anthem har spelt første verset og refrenget av songen før dei går inn i I'da Called You Woody, Joe,. Maurice White frå Earth, Wind & Fire spelte ein versjon av songen i 1985 for albumet Maurice White. White sin versjo nnådde sjette, 11. og 50. plass på høvesvis Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks, Adult Contemporary og Billboard Hot 100-lista.[ The album Maurice White on allmusic.com] Pennywise spelte ein punkversjon av songen på EPen Wildcard i 1989. Timon and Pumbaa gav ut ein musikkvideo der Timon framfører songen medan Pumbaa vert torturert under refrenget. Ronnie Milsap spelte ein gospelaktig versjon av songen på albumet Then Sings My Soul. Gigi D'Agostino gav ut ein dance-versjon av songen. Seal spelte songen på albumet hans Soul. Lemmy Kilmister framførte songen med Dave Lombardo og DJ Baron for Flip Skateboards-videoen «Extremely Sorry» i 2009. Overboard framførte ein acappellaversjon av songen i 2008 for albumet Castaways. Stephen King og Warren Zevon spelte inn ein versjon for veldedigheitsalbumet Stranger than Fiction. Justin Mauriello spelte inn ein versjon av denne songen i 2010 for albumet Justin Mauriello Sings the Hits. Prince Royce spelte inn ein bachata-versjon av songen som debutsingelen sin, der delar av teksten var på spansk. Denne versjonen nådde åttandeplassen på Hot Latin Tracks- og toppen av Tropical Airplay-lista. Under Latin Grammy Awards 2010 framførte Royce songen live i lag med Ben E. King. Royce-versjonen fekk ein Lo Nuestro-pris for «årets tropiske song».Premio Lo Nuestro 2011 Winners List Ein versjon av songen vart gjeven ut av den amerikanske R&B -gruppa 4 the Cause i 1998 og nådde toppen av singellista i Sveits, og andreplassen på lista i Austerrike og Tyskland, i tillegg til ein tredjeplass i New Zealand og Topp 10 i mange andre land.4 The Cause – Stand By Me (Song) at austriancharts.atChartverfolgung 4 The Cause: Stand By Me (Single) at musicline.de George Lam spelte inn songen på kantonesisk i 1986, på albumet hans ????? (100 Billion Nights). Anita Mui spelte inn songen på kantonesisk i 1988, på albumet hennar ???? (Drunken Dreams). Jon Bon Jovi, Richie Sambora og Andy Madadian spelte inn ein versjon av songen den 24. juni 2009. Den første delen av songen er sungen avbåde Jon and Andy på persisk, medan resten er på engelsk. Plan B framfører ofte songen på konsertane sine. Bridgit Mendler og Shane Harper spelte songen på Summer Night Concerts i Vancouver, Canada, i 2011.

Listeplasseringar

Ben E. King Liste (1961)PlasseringUS Billboard Hot R&B Singles1US Billboard Hot 1004UK Singles Chart27

Liste (1986)PlasseringUS Billboard Hot 1009

Liste (1987)PlasseringUK Singles Chart1Sveits3Nederlandsk Top 407Austerrike Top 407Sverige8Noreg9

John Lennon Liste (1975)PlasseringKanadiske RPM Singles Chart10US Billboard Hot 10020US Cashbox Top 10020UK Singles Chart30

Mickey Gilley Liste (1980)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles1U.S. Billboard Hot 10022U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks3Kanadiske RPM Country Chart3Kanadiske RPM Singles Chart51

Maurice White Liste (1985)PeakpositionU.S. Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs6U.S. Billboard Adult Contemporary11U.S. Billboard Billboard Hot 10050

Prince Royce Liste (2010)[ Prince Royce Billboard Singes] Allmusic.comPeakpositionU.S. Billboard Hot Latin Tracks8U.S. Billboard Latin Tropical Airplay1U.S. Billboard Heatseekers Songs17

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stand by Me (song)» frå , den 30. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Singlar frå 2010 Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:Soulballadar Kategori:Bachata-songar Kategori:Songar skrivne av Ben E. King Kategori:Songar produserte av John Lennon Kategori:Songar produserte av Jim Ed Norman Kategori:Songar produserte av Sergio George Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Sveits Kategori:Ben E. King-songar Kategori:John Lennon-songar Kategori:Otis Redding-songar Kategori:Elton John-songar Kategori:The Searchers-songar Kategori:Billy Joe Royal-songar Kategori:Mickey Gilley-songar Kategori:Warren Zevon-songar Kategori:Prince Royce-songar Kategori:Jay and the Americans-songar Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:The Staple Singers-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:U2-songar Kategori:Ry Cooder-songar Kategori:Ike & Tina Turner-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Sonny & Cher-songar Kategori:Ronnie Milsap-songar Kategori:Seal-songar Kategori:Julian Lennon-songar Kategori:Scorpions-songar Kategori:The Platters-songar Kategori:Tracy Chapman-songar Kategori:The Kingsmen-songar Kategori:Percy Sledge-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Screamin' Jay Hawkins-songar 122 Kategori:Gene Clark-songar