By- og regionplanlegging er eit samleomgrep for planlegging i byar og tettstader og i større område. Omgrepet svarar til det engelske town and country planning.
Byplanlegging har lange tradisjonar med vekt på fysiske forhold, og kan særleg knytast til arkitekt- og ingeniørtradisjonane. I Noreg galdt planleggingsplikta berre for byane fram til bygningsloven av 1965, og byplan var den einaste plantypen. Regionplanlegging har som formål å sjå utviklinga i større område i samanheng, og gjeld i større grad samfunnsutviklinga enn berre fysisk planlegging. Omgrepet fekk formell status i Noreg med bygningsloven av 1965. Ein region skulle omfatte to eller fleire kommunar. Plantypen blei i 1973 erstatta av fylkesplan, og har med loven av 2008 fått nemninga regional plan.
Internasjonalt er regional planlegging vanleg, ikkje minst i dei fleste EU-land, og der gjerne i form av regionale utviklingsplanar (RUP) med vekt på næringsutvikling. Eit unntak er England, som i 2011–2012 avvikla regionane, som hadde vore verksame sidan 1994. Danmark, Finland, og til dels Sverige, har institusjonalisert regional utviklingsplanlegging, mens Noreg ikkje har formalisert ein særskild regional utviklingsplan.
By- og regionplanlegging bygger på tverrfaglig kompetanse innan blant anna planlegging, plan- og politiske prosessar, planleggingsteori, arkitektur, landskapsarkitektur, transport og vegplanlegging, universell utforming, økonomi, økologi, miljø, geografi, jus, GIS i planlegging og konsekvensutgreiingar.
I Noreg er alle fylke og kommunar pålagde å planlegge areal- og ressursbruk etter plan- og bygningsloven (PBL). Loven gjev eit system med ulike plantypar på statleg, fylkes- og kommunalt nivå. Regional plan inngår i dette systemet. All utbygging og mange slags tiltak må godkjennast politisk, og planlegging må bygge på fagkunnskap og politiske vurderingar. Planleggarar har rolla som dei fremste ekspertane i by- og regionutvikling.
By- og regionplanleggarane har tverrfagleg kompetanse som gjer dei i stand til å samarbeide på tvers av fagområde og med andre profesjonar som arkitektar, ingeniørar, samfunnsvitarar, juristar, geografar og andre.
Noreg har ikkje tradisjon for særskild utdanning av planleggarar slik som i mange andre land, for eksempel England og USA. Men dei seinare åra er det etablert mastergradstilbod i planlegging ved nokre universitet og høgskolar, blant anna Institutt for landskapsplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og Institutt for byforming og planlegging, (tidlegare Institutt for by- og regionplanlegging) ved Fakultet for arkitektur og billedkunst, NTNU.
Kjelder Fiskaa, H. (2012) Fysisk detaljplanlegging. Trondheim: Institutt for byforming og planlegging, NTNU. ISBN 978-82-7259-128-0 Langdalen, E. (1994) Arealplanlegging. Form, funksjon, fellesskap. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN: 82-00-21791-4 (e-bok frå bokhylla.no]
Bakgrunnsstoff Institutt for landskapsplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Besøkt 16. desember 2015 Institutt for byforming og planlegging ved Fakultet for arkitektur og biletkunst, NTNU Besøkt 16. desember 2015 Town and country planning, Engelsk Wikipedia Besøkt 16. desember 2015
Sjå òg Norsk planleggingshistorie Reguleringsplan
kategori:Byplanlegging kategori:Plan- og bygningsloven