«Have Yourself a Merry Little Christmas» er ein julesong som vart introdusert av Judy Garland i 1944 i MGM-musikalen Meet Me in St. Louis. Frank Sinatra spelte seinare inn ein versjon med noko annleis tekst, som har vorte meir vanleg enn originalen. Songen vart skriven av Hugh Martin og Ralph Blane. I 2007 rangerte ASCAP «Have Yourself a Merry Little Christmas» som den tredje mest spelte julesongen dei fem føregåande åra av songar som var skriven av ASCAP-medlemmar.
Meet Me in St. Louis Songen vart skriven medan Martin hadde ferie i huset sitt i nabolaget Southside i Birmingham i Alabama, som faren Hugh MartinHugh Martin Cottage hadde fått laga for mora hans som ein feriebustad. Huset vart heimen til Martin og familien i 1923. Songen vart første gongen framført i ein scene i Meet Me in St. Louis, der familien kranglar om faren sine planar om å flytte til New York City for ein jobb. I ein scene sett til julaftan syng rollefiguren til Judy Garland, Esther, songen for å muntre opp den fem år gamle systra, Tootie, spelt av Margaret O'Brien.
Teksten
Noko av den originale teksten skriven av Martin vart avvist før showet stata. Dei var: «Have yourself a merry little Christmas / It may be your last/ Next year we may all be living in the past / Have yourself a merry little Christmas / Pop that champagne cork / Next year we may all be living in New York.» Då teksten vart presentert kritiserte Garland, medspelaren hennar Tom Drake og regissøren Vincente Minnelli songen for å vere for deprimerande, og bad Martin om å skrive han om. Martin ønskte ikkje dette, men gjorde likevel fleire endringar for å gjere songen meir livleg. Til dømes vart linja «It may be your last / Next year we may all be living in the past» til «Let your heart be light / Next year all our troubles will be out of sight». Garland-versjonen av songen, som òg vart gjeven ut på singel av Decca Records, vart populær hos amerikanske soldatar som tente i andre verdskrigen og framføringa hennar i Hollywood Canteen fekk tårene fram hos mange av soldatane.
I 1957 bad Frank Sinatra Martin om å skrive om linja «Until then we'll have to muddle through somehow.» Han sa til Martin, «albumet mitt heiter A Jolly Christmas. Trur du du kunne ha gjort den linja meir munter for meg?» Den nye linja til Martinvart «Hang a shining star upon the highest bough». Martin gjorde òg fleire andre endringar og fekk songen til å fokusere på det lukkelege i notida i staden for vonene om ei betre framtid. På The Judy Garland Show Christmas Special song Judy songen til borna sine Joey og Lorna Luft med den alternative teksten til Sinatra.
Teksten Judy Garland song i Meet Me in St. Louis har vorte spelt inn med små endringar av fleire artistar, inkludert Sinatra sjølv (i 1950 og 1963), Doris Day (på The Doris Day Christmas Album), Ella Fitzgerald (på Ella Wishes You a Swinging Christmas), James Taylor (på October Road) og Luther Vandross (på This Is Christmas).
I 2001 skreiv den 86 år gamle komponisten Hugh Martin ein heilt ny tekst til songen i lag med John Fricke, «Have Yourself a Blessed Little Christmas», ein religiøs versjon av den verdslege julesongen. Songen vart spelt inn av gospelsongaren Del Delker med Martin på piano.
På andre språk Monica Forsberg har skrive svensk tekst til songen, kalla «Det är dags att tända alla ljusen», som har vorte spelt inn av Lasse Berghagen. Claudio Baglioni har skrive og spelt inn ein italiensk versjon kalla «Un piccolo Natale in più», som kom ut i november 2012.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Have Yourself a Merry Little Christmas» frå , den 22. september 2013.
Bakgrunnsstoff Entertainment Weekly article – with the history av songen's lyrics, including three different versions
Kategori:Songar frå 1944 Kategori:USA-amerikanske julesongar Kategori:Judy Garland-songar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:Perry Como-songar Kategori:Amy Grant-songar Kategori:LeAnn Rimes-songar Kategori:Trini Lopez-songar Kategori:Doris Day-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Randy Travis-songar Kategori:John Denver-songar Kategori:Barbra Streisand-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:The Partridge Family-songar Kategori:Etta James-songar Kategori:Kurt Nilsen-songar Kategori:Chicago-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:The Marshall Tucker Band-songar Kategori:America-songar