300px|thumb|høgre|Lavik er kyrkjestad og ferjestad, og var ein gong òg tingstad Lavik skipreide var ei av atten skipreider i Sogn,Arkivverket med namn etter tingstaden Lavik som var.

Geografisk område: Lavik sokn (unnateke dei austlegaste gardane Mjellelia, Nordrevik og Sørevik) Brekke sokn del av Eivindvik sokn (gardane nord for Kleivvika/Bjørndalen og aust for Krakhellesundet) Bø sokn del av Hyllestad sokn (gardane sør for Kleivevatnet/Aksavatnet, gardane på Lifjellhalvøya, gardane i Systaddalen og austover) del av Øn sokn (gardane sør for Åfjorden)

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1858 vart Eivindvik-gardane overflytta til Gulen tinglag, 1870 vart Mjellelia og Vikane overflytta frå Klevald tinglag. 1873 vart Hyllestad tinglag oppretta av Bø, Hyllestad og Øn, som alt hadde skipa Hyllestad kommune og prestegjeld, og deretter var Lavik tinglag identisk med Lavik og Brekke sokner.Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Høyanger kommune Kategori:Hyllestad kommune Kategori:Gulen kommune Kategori:Solund kommune Kategori:Skipreider