Hoel Gård er ein gard som ligg på Nes i Ringsaker kommune. Låven på garden har to klokketårn og dannar eit tun saman med Gårdsmuseet og den freda hovudbygningen frå 1719. Hoel Gård vart kjøpt opp av Petter Wessel Kildal i 1867 og han rusta opp garden. I 1932 kjøpte familien Sandberg garden.

På Hoel kan gjester halde møte, kurs og konferansar, og det er tilbod om overnatting for grupper. Her er 70 sengeplassar fordelt på 35 rom.

26. august 2010 vart Hoel Gård heidra med Olavsrosa for «eksemplarisk forvaltning av et norsk storgårdanlegg og for å åpne kulturhistorien for allmennheten.»

Hoel Gård ble i 2018 medlem av De Historiske Hotell og Restauranter.

Kjelder

Bakgrunnsstoff hoel-gaard.no - pffisiell nettstad

Kategori:Gardar i Innlandet Kategori:Byggverk i Ringsaker Kategori:Kulturminne i Ringsaker Kategori:Olavsrosa Kategori:Freda bygg i Innlandet