The Osmonds er ei amerikansk musikalsk familiegruppe med ein lang og variert karriere som har teke dei frå å synge barbersalongmusikk som bar, til å bli tenåringsidol, til ein populær fjernsynsserie og suksess både som soloartistar og som gruppe. The Osmonds er medlemmar av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage og dei religiøse verdiane deira har påverka karrieren deira.Biography: The Osmonds, Pure and Simple (documentary)

Då dei starta som ein barbersalongkvartett bestod gruppa av brørne Alan Osmond, Wayne Osmond, Merrill Osmond og Jay Osmond. Dei fekk seinare med seg dei yngre søskena Donny Osmond og Jimmy Osmond. Den einaste systera deira, Marie Osmond, som aldri song med brørne på den tida, fekk sjølv ein suksessrik solokarriere i 1970-åra og familievenen Ronnie Mund spelte tamburin og song korvokal. Dei eldre brørne George Virl Osmond, Jr. (Virl) og Tom Osmond var fødd døve og deltok ikkje i gruppa, men dei var stundom å sjå, hovudsakleg på julespesialane til familien i 1970-åra. Alle i familien Osmond var fødde i heimbyen Ogden i Utah, utanom den yngste, Jimmy, som var fødd i Canoga Park i California.

Sjølv om gruppa hadde eksistert sidan slutten av 50-åra var det først i 1970 dei slo igjennom, i kjølvatnet av suksessen til the Jackson 5. På same måte som Michael Jackson vart frontmann i Jackson 5 var det den yngste broren Donny som vart den fremste i The Osmonds. Gruppa var særs populære i 1971-1972, men mot slutten av 1974 hadde populariteten dalt. Både Donny og systera Marie hadde derimot særs populære solokarrierar utover 70-åra, og The Osmonds kom attende i 1980-åra som countryartistar.

Gruppa har seld minst 102 millionar plater verda over.

Diskografi

Album År Album Plassering US US Country CAN 1962 Songs We Sang on The Andy Williams Show Selskap: MGM Records E(mono)/SE(stereo)-4146 — — — 1962 We Sing You A Merry Christmas Selskap: MGM Records E/SE-4187 — — — 1963 Preview: The Travels of Jaimie McPheeters Selskap: MGM Records PM-7 — — — 1964 The New Sound of The Osmond Brothers SyngingMore Songs They Sang on The Andy Williams Show Selskap: MGM Records E/SE-4291 — — — 1970 Hello! The Osmond Brothers Selskap: Denon International CD-77 — — — Osmonds Selskap: MGM Records SE-4724 14 — 34 1971 Homemade Selskap: MGM Records SE-4770 22 — 27 Phase III Selskap: MGM Records SE-4796 10 — 6 1972 The Osmonds Live Selskap: MGM Records 2SE-4826 13 — 8 Crazy Horses Selskap: MGM/Kolob Records SE-4871 14 — 10 1973 The Plan Selskap: MGM/Kolob Records SE-4902 58 — 20 1974 Love Me for a Reason Selskap: MGM/Kolob Records SE-4939 47 — 29 1975 The Proud One Selskap: MGM/Kolob Records M3G-4993 160 — 89 Around the World: Live in Concert Selskap: MGM/Kolob Records M3JB-5012 148 — — 1976 Brainstorm Selskap: Polydor/Kolob Records PD-1-6077 145 — — The Osmonds Christmas Album Selskap: Polydor/Kolob Records PD-1-6083 127 — — 1977 The Osmonds Greatest Hits Selskap: Polydor Records PD-2-9005 192 — — 1979 Steppin' Out Selskap: Mercury SRM-1-3766 — — — 1982 The Osmond Brothers Selskap: Elektra Asylum Records 60180 — 54 — 1984 One Way Rider Selskap: Warner Bros. Records 1-25070 — 57 — 2000 The All-Time Greatest Hits of the Osmond Family (Box Set) Selskap: Curb Records --- --- --- 2008 50th Anniversary Reunion Concert Selskap: Denon 17678 177 — —2012 I Can't Get There Without You Selskap: Osmond Entertainment --- --- ---

Singlar År Singel Plassering Album US US AC US Country CAN CAN AC UK 1971 «One Bad Apple» 1 37 — 1 — — Osmonds "Double Lovin'" 14 — — 9 — — Homemade «Yo-Yo» 3 — — 1 — — Phase III 1972 "Down by the Lazy River" 4 — — 1 — 40 "Hold Her Tight" 14 — — 6 — — Crazy Horses "We Can Make it Together" (w/ Steve and Eydie) 68 7 — — — — single only «Crazy Horses» 14 — — 12 — 2 Crazy Horses 1973 "Goin' Home" 36 — — 30 91 4 The Plan "Let Me In" 36 4 — 15 5 2 1974 "I Can't Stop" — — — — — 12 single only «Love Me for a Reason» 10 2 — 18 5 1 Love Me for a Reason 1975 "Having a Party" — — — — — 28 «The Proud One» 22 1 — 25 4 5 The Proud One "I'm Still Gonna Need You" — 38 — — — 32 1976 "I Can't Live a Dream" 46 38 — 70 35 37 Brainstorm "Back on the Road Again" — — — — — — 1982 "I Think About Your Lovin'" — — 17 — — — The Osmond Brothers "It's Like Falling in Love (Over and Over)" — — 28 — — — "Never Ending Song of Love" — — 43 — — — 1983 "She's Ready for Someone to Love Her" — — 67 — — — One Way Rider 1984 "Where Does an Angel Go When She Cries" — — 43 — — — "One Way Rider" — — — — — — "If Every Man Had a Woman Like You" — — 39 — — — 1985 «Anytime» — — 54 — — — singles only "Baby, When Your Heart Breaks Down" — — 56 — — — 1986 "Baby Wants" — — 45 — — — "You Look Like the One I Love" — — 69 — — — "Looking for Suzanne" — — 70 — — — 1987 "Slow Ride" — — — — 27 — "—" syner at singelen ikkje gjekk inn på lista.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Osmonds» frå , den 18. august 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell YouTube-kanal Behind the Teeth: Know Your Osmond The Osmonds Biography på YouTube

Kategori:USA-amerikanske gutegrupper Kategori:USA-amerikanske countryband Kategori:USA-amerikanske popgrupper Kategori:Familiegrupper Kategori:Musikalske familiar Kategori:Musikkgrupper skipa i 1958