Hakadal kyrkje er ei langkyrkje nord i Nittedal kommune i Akershus. Kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, rundt 1610.

Allereie i 1393 er det omtala ei kyrkje i Hakadal. Ho kan ha stått på same staden som kyrkja av i dag, men det var ikkje same bygg. Det er ukjent korleis denne kyrkja såg ut, men ho var vigd til st. Laurentius, skytshelgen for dei fattige. Kyrkja vart truleg lagt ned på 1500-talet og vart omtala som eit aude kapell i 1598.Jens Nilssøns Visitasbøger og Reiseoptegnelser

Kyrkja vi no ser, vart først bygd som ei låg tømmerkyrkje utan tårn eller takryttar. Kyrkjeklokkene hang frå taket inne i sjølve kyrkjeskipet. Den første utvidinga av kyrkja i 1732 la til ein takryttar til klokkene. Sjølve kyrkjetårnet kom først i 1849.

Altartavla er frå utvidinga i 1732. Ho er skoren av Johan Jørgen Schram og framstiller Jesus på krossen med oppstoda over. Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eine kjøpte gardeigarane i Hakadal i 1839, medan den andre er matklokka frå Ås gard. mini|venstre|Eldre bilete av Hakadal kyrkje Fotnotar

Denne artikkelen bygger på «Hakadal kyrkje» frå , den 4. august 2013.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Hakadal kirke i «Norges kirker» Nittedal kyrkjelege fellesråd

Nittedalsporten om kyrkja

Kategori:Kyrkjer i Nittedal Kategori:Kulturminne i Nittedal Kategori:Norske kyrkjer frå 1610-åra Kategori:Kyrkjer i Nedre Romerike prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme