mini|Ruinen av Maxentiusbasilikaen frå 300-talet (i Roma) mini|Basilika San Piero a Grado i Pisa mini|Interiør frå Santa Sabina i Roma

Basilika er kyrkjebygg av halltypen, førebiletet til alle kristne kyrkjebygg. Ordet stammar frå gresk basilike [oikia], ‘kongeleg [hus]'.

Historikk Den fyrste kristne basilikaen vart bygt på 300-talet i Roma. Tre av dei fire patriarkalkyrkjene i Roma; Peterskyrkja, Laterankyrkja (den eldste, bygt 314-318)) og San Paolo fuori le Mura høyrde til kristendomens fyrste basilikaer, samtlege innvigde på 320-talet.

Arkitektur Det arkitektoniske førebilete for basilikaen var det romerske forvaltningsbygget, med si oppdeling i midtskip med klerestorium og med sideskip skilt frå midtskipet av kolonnader. Heilt inn på 1800-talet var det idelet for det kristne rommet.

Det langsmale rommet i ein basilika vert avrunda med eit halvsirkelforma utbygg, absid, som har koret som motsvar i gotikken. På ein ekte basilika reiser midtskipet seg over sideskipa slik at vindaugsopningar vert i romma mellom midtskip og sideskip.

Basilika i kanonisk meining Basilika er også ein kyrkjerettsleg term. Han vert nytta om kyrkjebygg som av historiske eller andre grunnar har ein særskild status i den katolske verda."basilika". NE.se. Vitja 5. februar 2013. Desse kyrkjene er vanlegvis unnatekne frå den ordinære kyrkjelege jurisdiksjonen.

Særlege viktige er dei fire hovudbasilikaene (basilicae maiores) i Roma: Laterankyrkja, Peterskyrkja, San Paolo fuori le Mura og Santa Maria Maggiore. Andre kjende basilikaer i kanonisk meining er til dømes Basilica di San Francesco d'Assisi i Assisi og basilikaen Sacré-Cœur i Paris.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Basilika» frå , den 19. juli 2013.

Kategori:Kyrkjearkitektur Kategori:Sakralbygg Kategori:Arkitektoniske former Kategori:Romersk arkitektur Kategori:Greske ord og uttrykk