Chernushkaknatten er ein nunatak, 1640 moh., som ligg 2 nautiske mil sørvest for Sandseten på vestsida av Vestre Petermannkjeda i Wohlthatmassivet. Han vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen i 1938–39. Han vart kartlagd frå flyfoto og landmålingar av Den sjette norske antarktisekspedisjonen i 1956–60, og kartlagd på ny av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1960–61. Han vart namngjeven av Sovjetunionen til minne om hunden Tsjernusjka, ein hund som vart send opp i verdsrommet og som trygt kom attende til jorda.
Kjelder
Kategori:Nunatakar i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst