Douglas C-47 Skytrain eller Dakota (RAF-namn) er eit militært transport fly som vart utvikla frå ruteflyet Douglas DC-3. Det vart mykje nytta av dei allierte under andre verdskrigen og militære operasjonar gjennom 1950-åra.

Historie

Under andre verdskrigen vart C-47 og modifiserte Douglas DC-3-arar brukt av dei allierte styrkane til transport av troppar, militært materiell og såra soldatar. Meir enn 10 000 fly vart produsert i Long Beach og Santa Monica i California og Oklahoma City i Oklahoma. C-47 spelte ei viktig rolle i mange av felttoga til USA, i Stillehavskrigen, ikkje minst dei som gjekk føre seg i jungelen i Ny-Guinea og under Burma-krigen der C-47 (og den maritime versjon, R4D) aleine gjorde det mogeleg for allierte troppar å slå den japanske styrken ved transport av mannskap og forsyningar, slepe glidefly og transport av fallskjermsoldatar.

Under invasjonen i Normandie (Operasjon Overlord) vart C-47 og varianten C-53 Skytrooper, brukt av invasjonsstyrkane i store mengder til transport av fallskjermsoldatar og til å slepe glidefly som Airspeed Horsa.

Etter andre verdskrigen vart mange C-47 selde til sivile flyselskap. Ombygd til passasjerversjonen Douglas DC-3 Dakota vart flyet brukt på dei fleste vestlege nystarta ruter etter krigen.

335 skvadron på Gardermoen hadde lenge ein C-47 som vart brukt til å fly Kong Olav V. Flyet hadde kjenningsbokstavane BW-K, som ble uttalt: Bravo Whiskey King (altså ikkje Kilo som vanlegvis vert nytta).

Modellar C-47 var den opphavlege militære versjonen av DC-3. Variantar C-47A C-47B C-47D C-48 til C-52 C-53

Operatørar

"Das Archiv der Deutschen Luftwaffe (in German)." LuftArchiv.de. Retrieved: 5 July 2010.

Tilsvarande fly

C-46 Curtiss C-46 Commando

Sjå òg Douglas AC-47 Dragon Ship

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Douglas C-47 Skytrain» frå , den 9. juli 2013. oppgav desse kjeldene: Francillon, René (1979). McDonnell Douglas Aircraft Since 1920: Volume I. London: Putnam. ISBN 0-87021-428-4 Yenne, Bill (1985). McDonnell Douglas: A Tale of Two Giants. Greenwich, CT: Bison Books. ISBN 0-517-44287-6

Bakgrunnsstoff

The Assault Glider Trust

Kategori:Fly under andre verdskrigen Kategori:Transportfly Kategori:Utstyr brukt av Luftforsvaret