mini|Bauhaus i Dessau mini|Pan Am-bygningen i New York mini|Hansaviertel

Walter Gropius () var ein tysk arkitekt. Han grunnla Bauhaus og vert saman med Ludwig Mies van der Rohe og Le Corbusier som ein av skaparane av den moderne arkitekturen.

Liv og gjerning Gropius var frå hovudstaden Berlin. I 1903 byrja han studere ved den tekniske hogskulen i München, og heldt deretter fram med studiane i Berlin ved den tekniske høgskulen i bydelen Charlottenburg. Åra 1910-13 arbeidde han for Peter Behrens, der også Le Corbusier og Mies van der Rohe var tilsett. Frå 1914 arbeidde Gropius på eiga hand som industridesignar og arkitekt. Han teikna dåbygningar i den industrielle klassisismen han hadde lært hos Behrens.

Saman med Adolf Meyer teikna han Fagus-Werk i Alfeld. Verket, med sin stål- og glasarkitektur vart stildannande for den moderne arkitekturen, på 1920-talet kjend som Neues Bauen og Neue Sachlichkeit (Den nye saklegdomen). Etter fyrste verdskrigen deltok han i fleire radikale kunstnargrupper i Berlin.

Bauhaus Perioden 1919-28 leia han Bauhaus, ein skule som vart bygt på ideen om å samanføye biletkunst, skulptur, arkitektur og design, for slik å minske kløfta mellom finkultur og kunsthandverka. Skulen var særleg innretta mot arkitektur, men hadde også avdelingar for reine kunstuttrykk.

Gjennom 1920-talet var Gropius oppteken av å finne løysingar for moderne bybyggjing, særleg byggjinga av bustadblokker og andre storhus. Han var mykje innstilt på å rasjonalisere bygginga, og var med på fleire byggprojekt som bustadsområda i Dessau-Törten (1926–31), Dammerstock (1928–29) og Siemensstadt i Berlin (1929/30).

Utanlands Gropius praktiserte som arkitekt i Berlin fram til 1934. Han flytta då til England, ettersom arkitekturen hans vart kvasst angripen av dei nye, nazistiske makthavarane i Tyskland. I 1937 flytta han vidare til USA 1937, der han vart professor ved Harvard-universitetet. Gropius mest kjende bygning frå åra i USA er truleg Pan Am Building i New York.

Eldre år På 1950-talet vende Gropius tilbake til Berlin og arbeidde der. Mellom anna teikna han ei ni etasjars bustadblokk for Interbau i Hansaviertel i 1957. Borgarmeisteren i Berlin, Willy Brandt, tok i 1962 det fyrste spadetaket til det store bustadområdet Gropiusstadt i Berlin, der Gropius var til stades. Året etter vart Gropius heidersdoktor ved Freie Universität Berlin.

Gropius døydde i Boston i delstaten Massachusetts i USA i 1969. Han vart gravlagd i Berlin.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walter Gropius» frå , den 5. juli 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske arkitektar Kategori:Deltakarar i olympisk kunstkonkurranse Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Folk frå Berlin Kategori:Bauhaus