Einar Steensnæs () er ein norsk lektor og politikar frå Haugesund som har representert Kristeleg Folkeparti. Perioden 1989-90 var han statsråd i Syse-regjeringa og i 2001-04 var han statsråd i Bondevik II-regjeringa.
Steensnæs er utdanna cand.real. og arbeidde som lektor og inspektør ved vidaregåande skular i heimbyen Haugesund. 16. oktober 1989 vart han sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i den nyskipa regjeringa leia av Jan Peder Syse. Frå nyåret var han statsråd i Utdannings- og forskningsdepartementet, då det vart gjort endringar i departementstrukturen. Regjeringa fall hausten 1990 og gjekk av den 3. november. Frå 1993 var Steensnæs innvald på Stortinget for Kristeleg Folkeparti, og hadde sete på tinget fram til 2005. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av finanskomiteen. Frå 1997 til 22. mars 2000 var han sekretær i utanrikskomiteen, deretter var han leiar av komiteen ut stortingsperioden. Han var elles medlem av arbeidsordningskomiteen og valkomiteen i stortingsperioden 1997-2001. I sin siste periode på Stortinget var han medlem av næringskomiteen. Frå oktober 2001 var han sjef for Olje- og energidepartementet, ei stilling han hadde til 18. juni 2004. Han tok ikkje attval til Stortinget i 2005.
Steensnes var direktør ved Oslosenteret for fred og menneskerettigheter 2006–2009, og var seinare seniorrådgjevar same stad. Han var også norsk representant til og visepresident i UNESCO sitt eksekutivråd 2005–2009. Steensnes har vore styreleiar i fleire statlege verksemder, blant anna i Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og i styret for Statens næringsvirksomhet i utviklingsland (Norfund). Steensnes vart utnemnd til æresmedlem av Kristeleg Folkeparti i 2006.80 års omtale i Aftenposten 10. mars 2022
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Einar Steensnæs» frå , den 26. juni 2013.
Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Syse Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Ordførarar i Haugesund Kategori:KrF-politikarar i Rogaland Kategori:Folk frå Haugesund