Dans dans Olav Liljekrans er eit musikkalbum med den norske musikkgruppa Folque som kom ut i 1978. Lisa Helljesen og Trond Villa hadde før albumet slutta i Folque og Jenn Mortensen og Øyvind Rauset kom inn.

Tanken bak albumet var å skape ei reise frå mellomalderballadar via yngre folkeviser og skillingsviser fram til nyskrivne folkesongar. Sjølv om Dans dans Olav Liljekrans var ambisiøst, skapte albumet òg mange songar som Folque sjølv i ettertid fann ut ikkje passa i repertoaret deira.

Dei tre første albuma vart gjeve ut på plateselskapet Phonogram, og spelt inn i Rosenborg Studio med først Øystein Sunde, seinare Nils Bjarne Kvam som produsentar. I 1978 hadde Folque gått over på plateselskapet MAI og Liljekrans vart spelt inn i Scanax studio med ein produsent som gruppa kommuniserte dårleg med. Likevel vart tittelsporet ein av dei mest populære låtane til bandet og vart sidan gjeve ut på ny på konsertplata Dans dans (1991) frå eit konsertopptak frå 1984.

Innhald

Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna står oppført.

Medverkande Jenn E. Mortensen: Song Lars Helljesen: Song, gitarar Øyvind Rauset: Fele, trampeorgel Morten Bing: Mandolin, dulcimer, gitar, banjo Eilif Amundesen: Bass, banjo Morten Jacobsen: Trommer

Studiomusikarar Helge Korvald: Krumhorn, cornamuse Øyvind Luckow: Dulciane, rankett Geir Otnæs: Trekkspel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dans dans Olav Liljekrans» frå , den 23. juni 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Folque-album Kategori:Plateselskapet Mai-album