mini|Ulefos Hovedgaard Ulefos Hovedgaard er ein tidlegare herregard som ligg nord for Ulefoss sluser ved tettstaden Ulefoss i Telemark. Han vart reist av godseigaren Niels Aall som sumarbustad for familien og stod ferdig i 1807. Arkitektar var Christian Ancher Collett og Jørgen Henrik Rawert.
Ulefos Hovedgaard vart rekna for å vere det viktigaste arkitektoniske verket frå empiretida i Noreg.
Herregarden er no ein del av Telemark Museum og er eit freda kulturminne.
Kjelder
Heimeside / Telemark Museum
Bakgrunnsstoff
Kategori:Herregardar i Noreg Kategori:Museum i Telemark Kategori:Kulturminne i Nome Kategori:Freda bygg i Telemark