George Francis Fitzgerald () var ein irsk fysikar.

Frå 1881 var han professor i Dublin. Fitzgerald er kjent for arbeid innan elektrodynamikken. Han framsette i 1893 hypotesen om at ein lekam i rørsle blir forkorta i rørsleretninga og forklarte med det Michelson-eksperimentet. Hypotesen var allereie 10 år tidlegare framsett av Hendrik Lorentz, og fenomenet, som er i samsvar med relativitetsteorien, blir difor kalla Lorentz–Fitzgerald-kontraksjon eller berre Lorentz-kontraksjon.

Kjelder George Francis Fitzgerald. (28.02.2013) I Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Relativistar Kategori:Irske fysikarar Kategori:Royal Medal Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Presidentar i Physical Society Kategori:Fysikarar på 1800-talet