Sarpefossen (også skrive Sarpen eller Sarpefossen) er ein 19,5 meter høg foss i Glomma ved Sarpsborg i Østfold. Nedbørsfeltet i Glomma ovenfor fossen har eit areal på 41 182 km2. Flaumavleiingskapasiteten i fossen er ca. 3400 m³/ sekund. Over fossen går det jernbane- og vegbru.
Fossen er bygd ut med kraftverka Sarp og Hafslund.
Namnet er skrive Sarpr på norrønt. Same fossenamn finst fleire stader i Noreg. I islandsk betyr sarp «fuglekrås», og ordet har truleg hatt liknande tyding i Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Sarpsborg Kommune Video frå Sarpefossen 1 - 17.09.2015 (Youtube) Video frå Sarpefossen 2 - 17.09.2015 (YouTube)
Kategori:Fossar i Østfold Kategori:Geografi i Sarpsborg