Bamiyan-provinsen er ein av 34 provinsar i Afghanistan. Han ligg i det sentrale afghanske høglandet, i Hindu Kush-fjella. Administrasjonssenteret i provinsen heiter også Bamiyan. Provinsen ligg i Hazarajat-regionen, hovudområdet til hazarafolket i Afghanistan. Bamiyan var ein del av silkevegen, og kulturen der er blitt påverka både frå austleg og vestleg hald.Cultural Landscape and Archaeological Remains of the Bamiyan Valley, unesco.org

mini|venstre|To bønder framfor ruinane av Shahr-i Gholgholah. Historie Som resten av Afghanistan er Bamiyan blitt erobra av mange ulike hærfolk. På 800-talet blei området herja av Yaqub ibn Layth Saffari, grunnleggjaren av det muslimske saffaridedynastiet.Joshua Hammer, Searching for Buddha in Afghanistan , smithsonianmag.com I 1221 blei Shahr-i Gholgholah, forløparen til Bamiyan by, lagd i ruinar og dei fleste innbyggjarane drepne av mongolane under Dsjenghis khan. Under den første anglo-afghanske krigen blei det utkjempa slag i Bamiyan i 1840.Bamiyan, britannica.com

Under krigen i Afghanistan frå 2001 har provinsen utmerka seg ved å vera fredelegare enn områda rundt. Internasjonale hjelpeprogram er komne i gang, og mange barn går på skule. Blant dei er rundt 45 % jenter. Provinsen var også den første i Afghanistan med ein kvinneleg guvernør, Habiba Sarabi.

Innbyggjarar Provinsen har rundt 418 500 innbyggjarar. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Hazarafolk er den største folkegruppa, rundt 90 % av innbyggjarane tilhøyrer dei. Rundt 10 % er tadsjikar, resten er for det meste pastjunar og tatarar. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Størsteparten av hazaraener er sjiamuslimar, medan dei andre folkegruppene hovudsakleg er sunnimuslimar.

Kulturarv Bamiyan-dalen er eit viktig kulturlandskap med fleire fornminne frå det første hundreåret til 1200-talet som er skrivne inn på UNESCO si liste over verdsarv. Her finst buddhistisk kunst og arkitektur påverka av gandharaskulen og andre retningar, mellom anna gamle buddhistiske holekloster med det som til no er verdas eldste oljemåleri. Frå muslimske hundreår finst ruinfestningane Shahr-i Ghulghulah og Qallai Kaphari A og B. Sprenginga av to kjempemessige ståande buddhastatuar her i 2001, utført av fundamentalistiske muslimar, vekte avsky over heile verda.

mini|Ein av innsjøane i Band-i-Amir. Jordbruk og natur Bamiyan-provinsen er kjenneteikna av vakker natur. Landbruk er ein viktig næringsveg, og provinsen er særleg kjend for å dyrka poteter. Det blir også dyrka bygg og kveite, i tillegg til at ein held husdyr.Bamyan Province emerges as a model for Afghanistan’s potential, rc-east.com Kalde vintrar gjer at bønder i Afghanistan berre får ein haust i året, til forskjell frå varmare område i Afghanistan.U.S. Army Sgt. Christopher Bonebrake, 115th Mobile Public Affairs Detachment, Bamyan: A province in the eye of a storm, rc-east.com

Band-i-Amir er ei gruppe sterkt farga innsjøar vest i provinsen danna av naturlege demningar. Dei har lenge vore turistmål og valfartsstad for sjiamuslimske afghanarar. Innsjøaen blei verna av den første nasjonalparken i Afghanistan, som blei laga i 2009.Band-e-Amir: Afghanistan's first national park, guardian.co.uk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar i Afghanistan