Eurovision Song Contest 2014 (ESC 2014), offisielt 59. Eurovision Song Contest, var den 59. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i B&W Hallerne i København i Danmark, med semifinalar 6. og 8. mai og finale 10. mai 2014. Programleiarane var Lise Rønne, Nikolaj Koppel og Pilou Asbæk. For fyrste gong vart programleiartrioen sett saman av to menn og éin kvinne.
Datoane for tevlinga vart fyrst sett til 13., 15. og 17. mai, men vart seinare endra av DR i samband med Den europeiske kringkastingsunionen.
Det danske kongehuset vart representert av kronprins Frederik av Danmark, kronprinsesse Mary av Danmark, prins Christian av Danmark, prinsesse Isabella av Danmark, prins Vincent av Danmark og prinsesse Josephine av Danmark, som gjestar under finalen. Mary, Christian og Isabella var òg med under familieprøvane til den andre semifinalen, der den australske kringkastaren SSB hadde fått høve til å stå for pauseunderhaldninga. Dei valde truleg å vitja denne semifinalen på grunn av at kronprinsessa kjem frå Australia.
Montenegro og San Marino kvalifiserte seg til finalen for fyrste gong sidan debutane i høvesvis 2007 og 2008.
Hendingar
Krimhalvøya Etter Den ukrainske revolusjonen i 2014, Den russiske militærinvasjonen i Ukraina i 2014 og Krimkrisen 2014, som enda med Russland si annektering av Krimhalvøya, vart det stadfesta av Den europeiske kringkastingsunionen og DR i slutten av april 2014 at røystene frå Krimhalvøya ville verte rekna som ukrainske på grunn av teleoperatørane i område.
Semifinale 1 Den fyrste semifinalen vart kringkasta 6. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og tre av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, ville kvalifisere seg til finalen. Danmark, Frankrike og Spania må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU ville kunngjere poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skulle røyste ikkje skulle verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass 01 Aram MP3 «Not Alone» Engelsk Aram Sargsyan og Garik Papoyan 4 121 02 Aarzemnieki «Cake to Bake» Engelsk og latvisk Guntis Veilands 13 33 03 Tanja «Amazing» Engelsk Timo Vendt og Tatjana Mihhailova 12 36 04 Sanna Nielsen «Undo» Engelsk Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah 2 131 05 Pollapönk «Enga fordóma» Islandsk og engelsk Heiðar Örn Kristjánsson og Haraldur F. Gíslason 8 61 06 Hersi Matmuja «One Night´s Anger» Engelsk Genti Lako og Jorgo Papingji 15 22 07 Tolmachevy Sisters «Shine» Engelsk Philip Kirkorov, Dimitris Kontopoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg. 6 63 08 Dilarə Kazımova «Start a Fire» Engelsk Stefan Örn, Johan Kronlund og Alessandra Günthardt 9 57 09 Marija Jaremtjuk «Tick-Tock» Engelsk Marija Jaremtjuk 5 118 10 Axel Hirsoux «Mother» Engelsk Ashley Hicklin og Rafael Artesero 14 28 11 Cristina Scarlat «Wild Soul» Engelsk Ivan Aculov og Lidia Scarlat 16 13 12 Valentina Monetta «Maybe» Engelsk Ralph Siegel og Mauro Balestri 10 40 13 Suzy «Quero ser tua» Portugisisk og engelsk Emanuel 1139 14 The Common Linnets «Calm After The Storm» Engelsk Ilse DeLange, JB Meijers, Rob Crosby, Matthew Crosby og Jake Etheridge 1150 15 Sergej Ćetković «Moj svijet» Montenegrinsk Sergej Ćetković og Emina Jahović 7 63 16 Kállay-Saunders «Running» Engelsk András Kállay-Saunders, Krisztián Szakos og István Tabár 3 127
Semifinale 2 Den andre semifinalen vart kringkasta 8. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og to av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, ville kvalifisere seg til finalen. Italia, Storbritannia og Tyskland må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU ville kunngjere poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skulle røyste ikkje skulle verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida. # Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass 01 Firelight «Coming Home» Engelsk Richard Micallef 9 63 02 Mei Feingold «Same Heart» Hebraisk og engelsk Rami Talmid 14 19 03 Carl Espen «Silent Storm» Engelsk Josefin Winther 6 77 04 Mariko Ebralidze & The Shin «Three Minutes To Earth» Engelsk Zaza Miminoshvili og Eugen Eliu 15 15 05 Donatan & Cleo «My Słowianie» Polsk og Engelsk Donatan og Cleo 8 70 06 Conchita Wurst «Rise Like A Phoenix» Engelsk Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas 1 169 07 Vilija Matačiūnaitė «Attention» Engelsk Viktoras Vaupšas og Vilija Matačiūnaitė 11 36 08 Softengine «Something Better» Engelsk Topi Latukka og Henri Oskár 3 97 09 Can-linn feat. Kasey Smith «Heartbeat» Engelsk Hazel Kaneswaran, Jonas Gladnikoff, Rasmus Palmgren og Patrizia Helander 12 35 10 TEO «Cheesecake» Engelsk Yuri Vaschuk og Dmitry Novik 5 87 11 Tijana Dapčević «To the Sky» Engelsk Darko Dimitrov, Lazar Cvetkoski og Elena Risteska 13 33 12 SEBalter «Hunter of Stars» Engelsk Sebastiano Paulessi 4 92 13 Freaky Fortune feat. Riskykidd «Rise Up» Engelsk Freaky Fortune og Riskykidd 7 74 14 Tinkara Kovač «Spet/Round and Round» Engelsk og slovensk Raay, Tinkara Kovač, Hannah Mancini og Tina Piš 10 52 15 Paula Seling & Ovi «Miracle» Engelsk Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen 2 125
Finalen Finalen vart kringkasta 10. mai 2014 frå B&W Hallerne i København. Berre «dei fem store», Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Danmark var direktekvalifiserte til finalen. I tillegg til desse fekk dei 20 beste frå dei to semifinalane delta.
# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass 01 Marija Jaremtjuk «Tick-Tock» Engelsk Marija Jaremtjuk 6 113 02 TEO «Cheesecake» Engelsk Yuri Vaschuk og Dmitry Novik 16 43 03 Dilarə Kazımova «Start a Fire» Engelsk Stefan Örn, Johan Kronlund og Alessandra Günthardt 22 33 04 Pollapönk «Enga fordóma» Islandsk og engelsk Heiðar Örn Kristjánsson og Haraldur F. Gíslason 15 58 05 Carl Espen «Silent Storm» Engelsk Josefin Winther 8 88 06 Paula Seling & Ovi «Miracle» Engelsk Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen 12 72 07 Aram MP3 «Not Alone» Engelsk Aram Sargsyan og Garik Papoyan 4 174 08 Sergej Ćetković «Moj svijet» Montenegrinsk Sergej Ćetković og Emina Jahović 19 37 09 Donatan & Cleo «My Słowianie» Polsk og Engelsk Donatan og Cleo 14 62 10 Freaky Fortune feat. Riskykidd «Rise Up» Engelsk Freaky Fortune og Riskykidd 20 35 11 Conchita Wurst «Rise Like A Phoenix» Engelsk Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas 1 290 12 Elaiza «Is It Right» Engelsk Elżbieta Steinmetz og Frank Kretschmer 18 39 13 Sanna Nielsen «Undo» Engelsk Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah 3 218 14 Twin Twin «Moustache» Fransk, engelsk og spansk Pierre Beyres, Kim N'Guyen, Lorent Idir og François Ardouvin 26 2 15 Tolmachevy Sisters «Shine» Engelsk Philip Kirkorov, Dimitris Kontopoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg. 7 89 16 Emma Marrone «La mia città» Italiensk Emma Marrone 21 33 17 Tinkara Kovač «Spet/Round and Round» Engelsk og slovensk Raay, Tinkara Kovač, Hannah Mancini og Tina Piš 25 9 18 Softengine «Something Better» Engelsk Topi Latukka og Henri Oskár 11 72 19 Ruth Lorenzo «Dancing in the Rain» Engelsk og spansk Ruth Lorenzo, Jim Irvin og Julian Emery 9 74 20 SEBalter «Hunter of Stars» Engelsk Sebastiano Paulessi 13 64 21 Kállay-Saunders «Running» Engelsk András Kállay-Saunders, Krisztián Szakos og István Tabár 5 143 22 Firelight «Coming Home» Engelsk Richard Micallef 23 32 23 Basim «Cliche Love Song» Engelsk Basim, Lasse Lindorff, Kim Nowak-Zorde og Daniel Fält 9 74 24 The Common Linnets «Calm After The Storm» Engelsk Ilse DeLange, JB Meijers, Rob Crosby, Matthew Crosby og Jake Etheridge 2238 25 Valentina Monetta «Maybe» Engelsk Ralph Siegel og Mauro Balestri 24 14 26 Molly «Children of the Universe» Engelsk Molly Smitten-Downes 17 40
Tidlegare deltakarar – Valentina Monetta representerte San Marino i 2012 og 2013. – Støttevokalisten Tamara Todevska representerte Makedonia i 2008. – Paula Seling og Ovi representerte Romania i 2010, og var den fyrste duoen som deltok to gonger i tevlinga. – Låtskrivaren Fredrik Kempe representerte Sverige i 2008, 2009 og 2011 og Noreg i 2010; alle gongane som låtskrivar.
Andre land – Ràdio i Televisió d'Andorra informerte ein Eurovision-nettstad om at landet ikkje ville delta på grunn av finansielle grunnar. – Bŭlgarska natsionalna televiziya annonserte fyrst at Bulgaria ville delta, men 22. november 2013 annonserte dei at landet ikkje ville delta på grunn av budsjettkutt og finansielle grunnar. – Hrvatska radiotelevizija annonserte 19. september 2013 at Kroatia ikkje ville delta på grunn av Eurokrisa, og dårlege resultat i tevlinga mellom 2010 og 2013. Siste gong Krotia kvalifiserte seg til finalen var i 2009. – 3. oktober 2013 annonserte Padiofonikó Ídruma Kúprou at Kypros ikkje ville delta på grunn av det kypriotiske folket sin meining om Den kypriotiske finanskrisa 2012-13 og økonomiske restriksjonar. Ein annan kypriotisk kringkastar, Sigma TV, gav Padiofonikó Ídruma Kúprou eit tilbod om å sponsing og visekonsernsjefen i kanalen sa: «Me er viljuge til å produsere den nasjonale uttakinga og gje ut pengar til naudsynte utgifter for songen og songaren, slik som MAD TV gjorde for Hellas i fjor... Det er aldri for seint for Padiofonikó Ídruma Kúprou å endra meining, det er endå tid». – Česká televize stadfesta 30. september 2013 at Tsjekkia ikkje ville delta på grunn av låge sjåartal og dårlege resultat tidlegare i tevlinga. – Den greske regjeringa har stengd Ellinikí Radiofonía Tileórasi, noko som gjorde framtida til Hellas i tevlinga utrygg. The Event Supervisior of the Eurovision Song Contest sa fylgjane om Hellas deltaking: «EBU vil gjere sitt beste for å få Hellas med, gitt det faktum av den spesielle hending». Det vart òg sagt at den greske regjeringa må skipa ein ny kringkastar, Néa Ellinikí Padiofonía, Ínternet kai Tileópasi, for at landet skulle ha høve til å delta. Dimosia Tileorasi, ein førebels kanal, informerte til ESCToday.com at landet mest sannsynleg ville delta i tevlinga. 22. november 2013 stadfesta Hellas at dei ville delta.
Fotnotar
2014
Kategori:Musikktevlingar i 2014 Kategori:2014 i Danmark