Plzeň er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Plzeň-město okres i regionen Plzeň kraj i Tsjekkia. Byen har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).

Plzeň har kring 190 000 innbyggjarar, er det administrative senteret i distrtiktet og regionen, og den fjerde største byen i Tsjekkia. Han ligg om lag 90 km vest for Praha der dei fire elvane Radbuza, Mže, Úhlava og Úslava renn i hop og dannar elva Berounka.

Byen er mest kjend for sine mange bryggeri. Bryggeria vart kjend for øltypen Pilsener Bier, på norsk kalla pilsnerøl.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Plzeň er ein slik by med utvida fullmakter.

Lovbestemt by Plzeň har status som lovbestemt by frå 1990.

Bydistrikt Som lovbestemt by har Plzeň rett til på eiga hand å opprette sjøvstyrande bydistrikt (tsjekkisk městské obvody). Det er oppretta ti slike distrikt. Grensene mellom dei følgjer ikkje alltid grensene mellom dei 25 bydelane som ein ellers refererer til.

Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Plzeň og områda rundt. Alle dei 15 kommunane i lista nedanfor inngår i storbyområdet og er merkte med *. I tillegg kjem 96 kommunar frå fleire andre administrative område.

Kommunar Det administrative området til Plzeň omfatta opphavleg berre sjølve byen, men i 2007 vart ein del kommunar frå omlandet overførte hit slik at det no omfattar 15 kommunar. Av desse er 2 byar (tsjekkisk město), som er utheva med halvfeit skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Plzeň SO 180 748 188 045 193 858

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Plzeň 174 007 Starý Plzenec 5 232 Šťáhlavy 2 923 1 886 1 821 1 424 1 418 1 084 1 059

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Plzeň 174 007 Starý Plzenec 4 291 Šťáhlavy 2 314 1 886 1 427 1 424 1 137 1 084 1 059

Bydelar i Plzeň mini|250px|Bydelane i Plzeň Bydelane og tettstadene i Plzeň:

Bydel/tettstad Folketal 2021 Bolevec 29 697 Božkov 2 254 Bukovec 567 Černice 4 350 Červený Hrádek 1 228 Dolní Vlkýš 154 Doubravka 11 605 Doudlevce 4 365 Hradiště 1 876 Jižní Předměstí 30 858 Koterov 2 325 Křimice 2 429 Lhota 1 692 Litice 3 338 Lobzy 10 744 Malesice 791 Nová Hospoda 968 Radčice 1 090 Radobyčice 1 476 Severní Předměstí 18 875 Skvrňany 12 802 Újezd 2 670 Valcha 1 459 Vnitřní Město 1 621 Východní Předměstí 24 773 Plzeň by 174 007 Plzeň kommune 174 007

Bydistrikt i Plzeň mini|250px|Bydistrikta i Plzeň Dei 25 bydelane fordeler seg slik på dei sjølvstyrande bydistrikta:

Bydistrikt Folketal 2021 Bydelar Plzeň 1 48 572 Bolevec, Severní Předměstí Plzeň 2–Slovany 36 000 Božkov, Černice (del), Doudlevce (del), Hradiště, Koterov, Lobzy (del), Východní Předměstí (del) Plzeň 3 55 363 Doudlevce (del), Jižní Předměstí, Litice (del), Nová Hospoda, Radobyčice, Skvrňany, Valcha, Vnitřní Město, Východní Předměstí (del) Plzeň 4 23 819 Bukovec, Červený Hrádek, Doubravka, Lobzy (del), Újezd, Východní Předměstí (del) Plzeň 5–Křimice 2 429 Křimice Plzeň 6–Litice 2 229 Litice (del) Plzeň 7–Radčice 1 090 Radčice Plzeň 8–Černice 1 868 Černice (del) Plzeň 9–Malesice 945 Dolní Vlkýš, Malesice Plzeň 10–Lhota 1 692 Lhota Plzeň kommune 174 007

Galleri

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Plzen Plzen Plzen Plzen