Ole Ferdinand Bergan () var ein norsk forretningsmann, kjend som oppfinnaren av ryggsekken med meis, «Bergans meis».
Det var under ein jakttur i Skrimfjella i 1908 at ideen vart unnfanga. Bergan bøygde ein briskekvist og forma han etter ryggen for å gje skikkeleg passform. I ettertid vidareutvikla han meisen og skifta brisken med lette stålrøyr og reimar. Bergan som var sykkelreparatør og fabrikant i Tønsberg, gjorde ei rekkje oppfinningar og tok ut 45 patent. Blant dei som kan nemnast er den første step in/step out-skibindinga, elektrisk harpun til kvalfangst, tømmerslede med brems og ein ventillau forbrenningsmotor. Han dreiv òg import og omsetning av biler i Tønsberg.
Christiania-grossereren Sverre Young såg potensialet i oppfinninga til Ole F. Bergan av ryggsekken. Etter eit par års samarbeid med Bergan kjøpte han patentet for kr 1 500. Young gjorde like etterpå ein stor handel med den Tsjekkoslovakiske hæren og drog eins ærend til Tønsberg for å dele utbyttet. Ole F. Bergan avslo med orda: Ein handel er ein handel.
Oppfinninga til Ole Ferdinand Bergan la grunnlaget for Bergans Meis og Ryggsæk, seinare Bergans Fritid AS.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ole Ferdinand Bergan» frå , den 1. mai 2013. oppgav desse kjeldene: Bergans 1908–2008 Brosjyre fra Bergans of Norway
Kategori:Norske oppfinnarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Re