Snow Petrel Peak er eit spisst fjell på 605 moh. som markerer den austlegaste toppen på Mason Spur nordaust på Hillary Coast i Ross Dependency. Namnet finst på eit kart frå 1987 laga av geologen Anne Wright-Grassham, som hadde vore medlem av ei feltgruppe frå New Mexico Institute of Mining and Technology 1983-84. Det fekk namnet sitt etter at det vart sett eit par snøpetrellar som flaug rundt toppen i fleire dagar i november 1983. Gruppa konkluderte med at dei hekka der.

Kjelder

Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Hillary Coast Kategori:Stadnamn knytte til fuglar