Røykomn er ein eldstad for oppvarming av ei røykstove. Dei står som regel i hjørnet av rommet og er oppmura av gråstein og leir. Opninga ut mot rommet er som oftast like brei som brennkammeret innanfor. Røykomnen har ikkje skorstein eller pipe, men slepper røyken fritt ut i opphaldsrommet og vidare ut i friluft via ljore i taket.
I Noreg blei røykomnen fyrst vanleg i byane, blant anna Bergen. Ifølge Arne Lie Christensen var mangel på brensle ein del av forklaringa på innføring av røykomn: Desse omnane magasinerer varmen slik det ofte var tilstrekkelig å fyra opp to gongar om dagen. På 1600- og 1700-talet blei røykomnen vanleg på bygdene på Vestlandet. Christensen meiner avskoging av Vestlandet etter innføring av oppgangssag og stor trelasteksport kan vera ein del av forklaringa.
Seinare utvikling På siste halvdel av 1800-talet blei røykomnane etterkvart erstatta med blant anna støpyejernsomnar.Jernverket Eidsfoss. «En bransje i støpeskjeen (ca. 1850-1900)». pdf Nokre røykomnar fekk skorstein og blei ombygde til det som er kalla kåpeomn.
Røykstovene var i bruk så lenge at nokre av dei siste kunne flyttast til dei fyrste friluftsmusea på byrjinga av 1900-talet i autentisk stand.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Røykovn» frå , den 14. november 2023.
Litteratur Christensen, Arne Lie. «Det vrengte huset». Samtiden (5/6). 1996. Visted, Kristofer og Stigum, Hilmar. «Vår gamle bondekultur». Bd. 1 s. 73-77. Oslo 1951. Vreim, Halvor. «Norsk trearkitektur». Oslo: Gyldendal. 1947. Lund, W. «En røgstue paa Nordmøre». Tidskrift for norsk bondekultur 1906, s. 189–192 Munksgaard, Jan Henrik. «Byggeskikkene - litt av hvert av mange sorter. Møre og Romsdal», redigert av Pio Larsen. Oslo: Gyldendal, 1977. Skogfinsk museum: «Byggeskikken på Finnskogen». Lund, Wilhelm. «Ildsteder og belysningsmidler paa Nordmøre». Aarsberetning for 1910. Foreningen til norske fortidsmindesmærkers bevaring. Kristiania. 1911, s. 141 -167.
Kategori:Bygningsdetaljar Kategori:Gammal norsk trearkitektur