Mount Works er eit fjell i Antarktis på 1780 moh. som ligg like vest for Hornebreen og 2 nautiske mil (3,7 km) sørvest for Pilon Peak i Everett Range i Concord Mountains. Det vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-62. Fjellet vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter løytnant W.W. Works i US Navy, som var pilot på eit P2V-fly under fotograferinga av Victoria Land og andre område av Antarktis i 1961-62 og 1962-63.

Kjelder

Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Pennell Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar