University of New Hampshire (forkorta UNH) er eit statleg universitet i New Hampshire i USA. Hovudcampus er i Durham, og det er òg eit college i Manchester.

I 1866 vart universitetet grunnlagt som New Hampshire College of Agriculture and the Mechanic Arts i Hanover. Det flytta i 1893 til Durham. Namneendringa fann stad i 1923.

Organisasjon Universitet har seks Colleges/fakultet: College of Engineering and Physical Sciences (CEPS) College of Liberal Arts (COLA) College of Life Sciences and Agriculture (COLSA) School of Health and Human Services (SHHS) Whittemore School of Business and Economics (WSBE) University of New Hampshire at Manchester (UNHM)

Med 15 000 studentar er UNH det største universitetet i delstaten. Haustsemesteret 2006 var det immatrikulert 14 848 studentar og 948 vitskapeleg tilsette, og skulepengane på årsbasis var samstundes 10 401 US-dollar for studentar folkeregistrert i delstaten New Hampshire. Studiane vert gjeve opp til doktorgrad.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «University of New Hampshire» frå , den 1. april 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Universitet i New Hampshire Kategori:Skipingar i 1866 Kategori:1866 i USA