mini|Myrraberarane - gravlegginga av Jesus og oppdaginga av oppstandelsen. Illustrasjon i Ingeborg-psalteret frå 1200-talet.

Myrraberarane (gresk Μυροφόραι, Myrofóri; kyrkjeslavisk Жены́-мѷроно́сицы; rumensk mironosiţe) viser til personar nemnde i Nytestamentet som direkte knytt til Jesus si grav. Det kan visa til kvinnene ved grava som fann henne tom påskemorgon og blei dei første til å sjå Jesus oppstanden, og til Josef frå Arimatea og Nikodemos, som tok kroppen til Jesus frå krossen og gravla han.

I ortodoks og gresk-katolsk kristendom blir andre sundag etter påske feira som myrraberarsundagen. Veka som følgjer er myrraberarveka.

Ein reknar ofte desse personane som myrraberarane:

Maria Magdalena Maria, kona til Kleofas Joanna Maria Salomé, mor til Jakob og Johannes Susanna Maria og Marta, systrene til Lasarus Josef frå Arimatea Nikodemos

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Myrrhbearers» frå , og «Myrrbärarna» frå den 31. mars 2013.

Kategori:Helgenar Kategori:Påske Kategori:Ortodoks kristendom