The Man-Machine (tysk utgåve Die Mensch-Maschine) er det sjuande studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk. Det kom ut 19. mai 1978 på Kling Klang i Tyskland og Capitol Records andre stader. Albumet var ei vidareutvikling av den mekaniske stilen deira, der dei innlemma meir dansbare rytmar og mindre minimalistiske arrangement. Det inneheld singlane «The Model» og «The Robots».
Sjølv om albumet i starten ikkje gjorde det så godt på den britiske albumlista, men nådde niandeplassen på albumlista i februar 1982 og vart dermed det nest mest suksessrike albumet deira i Storbritannia etter Autobahn (1974).
Bakgrunn og innspeling The Man-Machine er det første Kraftwerk-albumet der Karl Bartos er oppført som komponist i lag med Ralf Hütter og Florian Schneider. Emil Schult var med å skrive teksten til «The Model». AllMusic skildra albumet som «nærare stilen som kom til å definere tidleg new wave electro-pop», og sa at det hadde «kjensla av eit delt konseptalbum», der somme songar (som tittelsporet og «The Robots») utforska «science fiction-aktige lenkjer mellom menneske og teknologi», og andre (som «Neon Lights» og «Metropolis») fokuserer på «glamouren ved urbanisering.» Uncut kalla «The Model» ein «ironisk popsatire», og skreiv at «den enkle teksten eignar seg til vesentleg tolking.»
Den første tyske utgåva vart trykt på raud vinyl. The Man-Machine selte til gullplate i Storbritannia i 1982 for 100 000 selte eksemplar. I oktober 2009 kom ei ommastra utgåve av albumet på CD og digitalt format på Mute Records i Europa og Astralwerks i USA, medan ei utgåve på tung vinyl kom ut i november 2009.
Plateomslaget vart produsert av Karl Klefisch, basert på eit verk av den russiske suprematisten El Lissitzkij - orda «Inspirert av El Lissitzky» står på omslaget. Baksida av omslaget er ei utgåve av ein grafikk frå barneboka til Lissitzkij kalla About Two Squares: A Suprematist Tale of Two Squares in Six Constructions.
Mottaking NME skreiv om albumet i 1978: «The Man-Machine står som ein milepåle i 70-tals rockemusikk. Dei enkle tekstane gjer at all vekta vert lagt på desse robotrytmane, dei kjølege tonane og utsøkte melodiane.» Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa: «Berre ein surpomp kunne finne på å avvise ei gruppe som syntetiserer nyskapingane til Environments og David Seville & the Chipmunks, for ikkje å gløyme at det er betre klinemusikk.» AllMusic skreiv at albumet er «mindre minimalistiske arrangement og meir komplekse og dansbare rytmar» enn dei tidlegare albuma til gruppa, og skreiv at det hadde ein «enorm innverknad» på påfølgjande synth-pop-artistar.
Innhald
Medverkande Ralf Hütter – song, vocoder, synthesizer, klaverinstrument, orchestron, synthanorma sequenzer, electronics Florian Schneider – vocoder, votrax, synthesizer, electronics , Prophet 5 , Prophet 10, Yamaha CS-80 Karl Bartos – elektroniske trommer Wolfgang Flür – elektroniske trommer
Andre medverkande Günther Fröhling – fotografi Leanard Jackson – lydteknikar Karl Klefisch – kunst Joschko Rudas – lydteknikar Henning Schmitz – assisterande lydteknikar Johann Zambryski – rekonstruksjon av omslaget (2009-utgåva)
Salslister
Vekeslister Liste (1978) Plassering Australske album (Kent Music Report) 56 Den franske albumlista (SNEP) Select «Kraftwerk» from the drop-down menu and click «OK». 14
Liste (1982) Plassering
Liste (2011) Plassering
Årslister Liste (1978) Plassering Tyske album (Offizielle Top 100) 26
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Die Mensch-Maschine» frå , den 8. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kraftwerk-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Tyskspråklege album Kategori:Album produserte av Florian Schneider Kategori:Album produserte av Ralf Hütter Kategori:Capitol Records-album