«Alcohol Is Free» (gresk Το αλκοόλ είναι δωρεάν, To alkoól eínai doreán, engelsk for Alkohol er gratis) var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk og gresk av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi. Songen er skriven av Státhis Pakhídis.

EUROSONG 2013 - a MAD show Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) og MAD TV valde ut fire bidrag, mellom dei «Alcohol Is Free» av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi, som fekk delta i EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013.

Finalen Songen starta som nummer tre, etter «Angel» av Alex Leon og Giorgina og før «Xílies kai mía níkhtes» av Aggelikí Iliádi. Bidraget vann og vil representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013

Etter sigeren i EUROSONG 2013 - a MAD show vart det klårt at «Alcohol Is Free» vil representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Hellas vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2 Songen vil starte som nummer ni, etter Island med «Ég á líf» av Eythor Ingi og før Israel med «Rak bishvilo» av Moran Mazor.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alcohol Is Free» frå , og «Alcohol Is Free» frå den 26. mars 2013.

Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Greskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar om alkohol