Mount Dockery er eit fjell i Antarktis på 1095 meter over havet, som ligg 3 nautiske mil vest for Mount Matthias vest i Everett Range i Concord Mountains. Det vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i perioden 1960–62. Fjellet vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant Olan L. Dockery, ein pilot i den amerikanske marineskvadronen VX-6 som flaug under fotograferingstokta nord i Victoria Land, Dronning Maudfjella, Britannia Range og McMurdo Sound i 1962–63 og 1963–64.
Den tyske feltstasjonen Lillie-Marleen-hytta vart oppretta på Mount Dockery i 1979.
Kjelder
Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Pennell Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar