Gburekfjella er ei gruppe fjell med mellom anna Straumsvola og Jutulrøra, vest i H. U. Sverdrupfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart oppdaga av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen under Alfred Ritscher, 1938–39, og kalla opp etter Leo Gburek, ein geofysikar på ekspedisjonen. Namnet Gburek er her avgrensa til den vestlegaste toppen av dei som fekk namn på kartet til den den tyske ekspedisjonen. Fjella vart sidan detaljert kartlagd av Maudheimekspedisjonen, 1949–52, og seinare norske ekspedisjonar.
Kjelder
Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Kronprinsesse Märtha Kyst