Simon Peak er eit fjell med ei høgd opp mot kring 1 000 moh på vestsida av Havre Mountains, nordvest på Aleksanderøya i Antarktis. Fjellet ligg nordaust for Umber Island, ei øy i Lazarev Bay som ligg utanfor vestkysten av Aleksanderøya. Fjellet vart truleg oppdaga av Den franske antarktisekspedisjonen, 1908–10, i januar 1909. Det vart kartlagd av British Antarctic Survey i 1975-76. og kalla opp etter Alec Edward Simon, ein ein britisk flymekanikar i Antarctic Survey som arbeidde på nærliggande Adelaide Island somrane 1972 til 1976.
Sjå òg
Holst Peak Ravel Peak Richter Peaks
Kjelder
Kategori:Fjell på Aleksanderøya