Pearce Dome er eit kuppelforma fjell med ei høgd opp mot kring 789 moh med ei snø- og isfri nordside. Det ligg kring 0,5 nautiske mil (0,9 km) vest-nordvest for Khufu Peak og 0,6 nautiske mil (1,1 km) rett aust for Blodwen Peak, på austkysten av Aleksanderøya oppom George VI Sound og George VI-isen i Antarktis. Fjellet vart omtalt med det skildrande namnet The Snow Dome i vitskaplege rapportar tidleg i 1960-åra, og omtalt som Dome av arbeidarane i området. Fjellet er kalla opp etter C.J. Pearce, ein meteorolog i Falkland Islands Dependencies Survey som var vinteren 1961 ved Fossil Bluff i lag med B.J. Taylor og J.P. Smith.
Kjelder
Kategori:Fjell på Aleksanderøya