Ralf Hütter () er ein tysk klaverspelar og songar i electronica-bandet Kraftwerk. Etter at Florian Schneider slutta i bandet i 2008, er han den einaste som har vore med heilt frå starten av.

Biografi Hütter vart fødd i Krefeld i Tyskland. Han bur i dag nær Düsseldorf.John Harris interviews Ralf Hütter: 'I got a new head, and I'm fine', The Guardian, 19 June 2009. Vitja 13. mars 2013 Han møtte Florian Schneider medan han studerte improvisasjon ved konservatoriet i Düsseldorf.

Sykkelinteresse Ralf Hütter er ein entusiastisk tilhengjar av sykling. Ei vandesoge skal ha det til at då bandet var på verdsturné, så slapp bussen han av 100 km frå endestaden, slik at han kunne sykle den siste vegen. Bandet byrja å sykle då dei spelte inn albumet Die Mensch-Maschine seint i 1970-åra. Singelen «Tour de France» inneheld lydar av syklar som sykkelkjede, girmekanismar og pusting frå ein syklist. Ralf Hütter prøvde på denne tida å overtale bandet til å spele inn eit album basert på sykling, men dette vart ikkje noko av. Prosjektet vart til slutt gjeve ut som Tour de France Soundtracks i 2003.

Hütter var involvert i ei alvorleg sykkelulukke i 1983, under innspelinga av det skrinlagde albumet Techno Pop.Pascal Bussy (1993). Man, Machine, and Music Berre singelen «Tour de France» og to demoar vart tilgjengeleg etter innspelingane. Han vart lagt i koma som følgje av ulukka.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Article in the London Independent about Hütter's love of cycling Interview in The Guardian

Kategori:Folk frå Krefeld Kategori:Tyske klaverspelarar Kategori:Kraftwerk-medlemmar Kategori:Tyske plateprodusentar Kategori:Tyske electronicamusikarar Kategori:Tyske låtskrivarar Kategori:Tyske songarar Kategori:Tyske eksperimentelle musikarar