«Lonely Planet» (engelsk for Einsam planet) er det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Dorians. Songen er skriven av Tony Iommi og Vardan Zadoyan.

Eurovision Song Contest 2013

22. januar 2013 annonserte Hayastani Hanrayin herrustaynkerut'yun (APMTV) at dei hadde valt ut Gor Sujyan til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2013. Det vart halden ein nasjonal uttaking der «Lonely Planet» vann og vart valt ut til å vere det armenske bidraget. Seinare vart det stadfesta at Sujyan ville delta under namnet Dorians, ei musikkgruppe han er med i. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Armenia vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2 Songen vil starte som nummer elleve, etter Israel med «Rak bishvilo» av Moran Mazor og før Ungarn med «Kedvesem» av ByeAlex.

Kjelder

Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Armenske songar Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar