Mount Berlin er den sjette høgaste vulkanen i Antarktis, 16 km vest for Mount Moulton i Marie Byrd Land nær austkysten av Rosshavet. Det består av to skjoldvulkanar: Marren Peak og Berlin Crater. Den vulkanske strukturen vert rekna som aktiv sidan det er aktive fumaroler observert nær kanten av den nordlege og vestlege kalderaen. Desse har skapt fumarolske istårn.
mini|venstre|Topografisk kart av Mounts Moulton og Berlin (1:250 000 skala)
Vulkanen vart oppdaga av Byrd-ekspedisjonen på flytur nordaust og aust for Little America i november–desember 1934. Det vart namngjeve «Mount Hal Flood» av Byrd, men namnet Flood er no nytta om heile fjellkjda som vulkanen er ein del av. Det vart namngjeve av US-SCAN etter Leonard M. Berlin, leiaren for USAS-gruppa som vitja dette fjellet i desember 1940.
Sjå òg Vulkanar i Antarktis
Kjelder
Kategori:Skjoldvulkanar Kategori:Kalderaer Kategori:Vulkanar i Marie Byrd Land