Marcus Tullius Cicero (3. januar 106 f.Kr.-7. desember 43 f.Kr.) var ein romersk politikar, advokat og forfattar. Han blir rekna som den fremste oratoren i romersk historie, og skreiv blant anna bøker om retorikk, filosofi og statsteori. I tillegg er 58 av talane hans og cirka 900 brev berga for ettertida. Cicero starta karrieren som advokat før han gjekk inn i politikken. Under den politiske uroa som rådde i Roma på på 40-talet f.Kr. var Cicero ein markant talsmann for republikanske ideal.
Etter drapet på Julius Cæsar i 44 f.Kr. freista han å styre Roma mot ei attervending til ei republikansk styreform, men vart avretta av ein flokk soldatar under proskripsjonane i 43 f.Kr som følgje av ein maktkamp med Marcus Antonius.
Livssoge Bakgrunn og tidlege år mini|Cicero saman venen Atticus og broren Quintus ved villaen i Arpinum. Måleri av Richard Wilson (ca. 1771) Marcus Tullius Cicero vart fødd i fjellbyen Arpinum (Arpino) i Latium, ein by som ligg om lag 100 kilometer aust for Roma. Familien hans høyrde til den lokale lågadelen (Equites), men Cicero hadde ingen senatorar, magistratar eller vidgjetne forfedre i familien sin. Cicero kom tidleg til Roma for å gå på skule, og med sin velståande bakgrunn fekk han ei utdanning som inkluderte ålmenndanning, gresk og latinsk språk, attåt ei omfattande trening i retorikk. Seinare studerte han nokre år i Hellas og heldt til i Aten i eit halvt års tid, der han betra kunnskapane sine i gresk og filosofi.Lane Fox, R. (2006), s. 352. Ein av medstudentane hans i Hellas var Pomponius, betre kjend under namnet Atticus. Atticus vart ein livslang ven av Cicero, og frå 60-talet og frametter brevveksla dei to. Atticus tok vare på breva frå Cicero, og det er takk vere han at vi idag har så mange brev or handa åt Cicero.
Advokat Frå og med slutten av 80-talet f.Kr. var Cicero aktiv i romersk samfunnsliv og vart først kjent for rettstalen For Rosicus (80 f.Kr.). Cicero hadde sitt første høgare embete som kvestor (finansansvarleg) i den romerske provinsen Sicilia i 75 f.Kr. Den beste måten for ein ung, romersk mann å bli lagt merke til i det offentlege var å lukkast med å straffeforfølge ein mektigare mann, og i 70 f.Kr. fekk han i oppgåve frå sicilianarane å føre korrupsjonssaka mot Verres, som hadde vore guvernør på øya frå 73-71 f.Kr. Cicero takka ja til tilbodet (I det romerske systemet var det berre romerske borgarar som kunne reise saker), og rettssaka vart ein knusande siger for Cicero. Talene han heldt i saka mot Verres har overlevd for ettertida, og syner ein framifrå og mangslungen talar som meistrar fleire ulike stilnivå: Ei klår og konsis narrativ oppbygging som samstundes er detaljert, med stor humor og sterke kraftuttrykk. Ifølgje Eiliv Skard er talane mot Verres ei skulding av «...voldsomste art», men kan like gjerne sjåast som eit forsvarsskrift på vegner av folket i provinsen som har blitt råka av korrupsjon.Skard, E. (1993), s. 140
Seinare var han advokat i fleire forsvarssaker der talene hans blir meir politiske. Mellom dei kan ein nemne forsvarstalen for Marcus Cælius Rufus, som skildrar den sutlause ovlivnaden til overklasseungdomen i Roma, og forsvarstalen for Milo, ein mann som med stort sannsyn var skuldig i mord, men som likevel vart forsvart av Cicero i ein rettssal der soldatar freista skremme han.
Politikar Gjennom advokatpraksisen kom den talentfulle Cicero inn i politikken. Ein politisk karriere i den romerske republikken følgde den såkalla embetsstigen, cursus honorum. Dette var ei rad eittårige stillingar ein kunne veljast til når ein hadde nådd ein viss alder. Cicero var edil i 69, pretor i 66 og konsul i 63 f.Kr., kvar gong i det første året han etter loven kunne få embetet. Dette vekte åtgaum, spesielt med tanke på at han var ein nykomar på den politiske scena utan eit kjent familienamn å vise til, ein homo novus. mini|Cicero fordømer Catilina. Freske av Cesare Maccari, 1882–88 På denne tida var romersk politikk prega av oppløysing og forvirring. Det gamle republikanske systemet var i ferd med å forvitre, og i løpet av eit par tiår kom republikken til å falle for eineveldet til Julius Cæsar og Augustus. Jamvel om senatet framleis heldt sine møter og store talarar vart høyrde på torget, var makta i ferd med å flytte seg over i hendene til mektige generalar som Pompeius og Cæsar, som hadde kontrollen over store hærar. Cicero hadde eit nostalgisk tilhøve til romersk historie og elska republikken, og var difor skeptisk til denne utviklinga. Trass eit konservativt sinnelag kunne han likevel støtte den populistiske sida når det passa seg slik: I 66 gjekk han inn for ei utviding av Pompeius sin kommando over hærstyrkane i det austlege Romarriket, og på eit tidspunkt forsvarte han ein populistisk tribun i rettssalen. Samstundes var denne populismen balansert av ein uttalt respekt for det etablerte, og i 64 vart han vald til konsul for det komande året med støtte frå konservative krefter.Lane Fox, R. (2006), s. 355.
Året som konsul var høgdepunktet i den politiske karrieren til Cicero, og vart også dramatisk nok då Cicero avslørte kupplanane til adelsmannen Catilina. Opprøret til Catilina vart slått ned, og Cicero vart hylla som statens redningsmann og fedrelandets far, pater patriae. I samband med avsløringa av kuppfreistnaden til Catilina fekk Cicero senatet til å vedta fleire summariske og dimed lovstridige avrettingar, trass protestar frå fleire medlemar av senatet, mellom dei Julius Cæsar.Lane Fox, R. (2006), s. 357 Denne handlinga gjorde han omstridd, og dei fire talene mot Catilina Cicero publiserte i 63 f.Kr. var ein freistnad på å gje hans eiga versjon av desse hendingane. Den første av desse talene har blitt mykje nytta i som latinskulepensum fordi han er spanande og, ifølgje mange, eit døme på at ord kan vere sterkare enn våpen.Østmoe, T. (2018) I kjølvatnet av avrettingane vart Cicero skulda for å vere ein «tyrann» som krenka fridomen til romerske borgarar. I 58 f.Kr valde Cicero å forlate Roma og reise i eksil til Hellas heller enn å vente på at den nye tribunen Publius Clodius skulle straffeforfølgje han. Publius Clodius sytte for at det vene huset Cicero åtte på Palatinerhøgda vart rive og tomta vigd fridomsgudinna Libertas.Lane Fox, R. (2006), s. 358
Forfattar og talar I 59 hadde dei tre romarane Cæsar, Pompeius og Crassus slutta seg saman i eit samband, det såkalla første triumviratet, og delt makta mellom seg. Innan september 57 f.Kr var Cicero attende i Roma. I mellomtida hadde Clodius mista popularitet og Pompeius såg føremonene ved å ha Cicero som ein politisk alliert, spesielt med tanke på evnene hans som talar. Samstundes vart Cicero nøydd til å arbeide for interessene til Pompeius, og jamvel om han rekna triumviratet som lovstridig var han tvungen til å samarbeide med dei tre makthavarane eller risikere livet. Dette innebar også at han måtte halde taler som forsvarte det som eigentleg var hans politiske motstandarar.
I denne politiske atmosfæren drog Cicero seg meir attende frå det politiske livet, og frå 54 og frametter arbeidde han med Om staten (om idealstaten) og Om lovene. I desse bøkene gjorde Cicero seg til talsmann for eit elitistisk syn på staten: Ifølgje Cicero laut senatet vere den øvste instansen i staten, i motsetnad til folkeforsamlingane. Avgjerdene til senatet, skreiv han, måtte vere bindande og senatet skulle vere «overherre» når det gjaldt offentleg politikk. Jamvel om idealstaten Cicero hadde i tankane la mesteparten av maktutøvinga i hendene til senatet, var tankane hans ifølgje historikar Robin Lane Fox heilt irrelevante i møte med den politiske røyndomen i republikken, som først og fremst var truga av den aukande makta til militære generalar og støttespelarane deira.Lane Fox, R. (2006), s. 359.
Guvernør i Kilikia mini|venstre|Det romerske imperiet i 40 f.Kr., etter militærkampanjane til Cæsar. Frå sumaren 51 til sumaren 50 var Cicero guvernør i provinsen Kilikia, som ligg i dagens Tyrkia. Cicero ønskte eigentleg å vere nær det politiske livet i hovudstaden, men vart utkommandert til Kilikia grunna ein mangel på provinsguvernørar. Cicero mislikte stillinga, men opphaldet har fått ein viss historisk verdi for ettertida: gjennom breva han skreiv frå Kilikia har historikarar fått eit innblikk i korleis ein romersk guvernør arbeidde i ein utanlandsk provins.Lane Fox, R. (2006), s. 360. I 49 braut det ut krig mellom Julius Cæsar og hæren hans på den eine sida og Pompeius, som stod på sida til senatet. Som ein velkjend forsvarar av dei republikanske institusjonane vart Cicero med senatorane då desse reiste saman med Pompeius til Hellas for å organisere motstanden mot Cæsar etter at sistnemnde hadde kryssa Rubicon og marsjert mot Roma. Men han gjorde det utan særleg entusiasme, sidan han var klår over at ein siger for senatsflokken fort ville føre til at Pompeius vart den dominerande politikaren i republikken.Lane Fox, R. (2006), s. 385.
Etter at Pompeius vart drepen i Egypt i 48 fekk Cicero løyve til å kome heim av Cæsar, som no var den nye makthavaren i Roma. Med Cæsar som romersk diktator vart det enno ein gong vanskeleg for den konservative og republikanske Cicero å ta del i politikken. I åra frå 46 til 44 skreiv han filosofiske verk om erkjenningsteori (Academica) og etikk (De Finibus, Samtaler på Tusculum og Om pliktene). Han skreiv også teologiverket Om gudene, som i antikken høyrde inn under faget fysikk. Vidare forfatta han dei to to moralfilosofiske essaya Om alderdomen og Om vennskap på denne tida. Han rakk også å skrive to bøker om retorikk: Brutus og Orator. Den første er ei historisk oversikt over romerske talarar heilt fram til Cicero sjølv, og det hine tek for seg ein del av det same som det tidlegare verket De oratore, men er samstundes eit forsvar for den retoriske stilen til Cicero, som vart kritisert for å vere oppstylta (såkalla «asiansk»).
Etter Cæsars død mini|Cæsars død av Jean-Léon Gérôme (1867)
Cicero var ikkje ein del av den flokken i senatet som avtalte å ta livet av Cæsar; dei frykta at han var for lausmunna til å halde konspirasjonen løynd.Lane Fox, R. (2006), s. 394. Då Cæsar vart drepen med 23 dolkestikk i senatet 15. mars 44 var Cicero likevel ein av talsmennene for eit republikansk styresett som jubla over det dei rekna som eit lukkeleg utfall. Cicero vart leiaren for den flokken som freista å føre Roma attende til den gamle statsforma, og ifølgje Eiliv Skard når ordhegda hans nye høgder i denne turbulente tida: «...aldri hadde hans indignasjon vært så dyp og hans patos så ekte».Skard, E. (1993), s. 141 I dei såkalla fjorten fillipiske talene går han ut mot Cæsars tidlegare general Marcus Antonius (som no tevla om makta i Romarriket) med til dels kraftig skyts. Namnet på denne serien med taler stammar frå Cicero sjølv, og syner til den store greske oratoren Demosthenes sine taler mot Filip II av Makedonia tre hundre år tidlegare.
Men Cicero var ikkje på høgd med den politiske situasjonen. Diktaturet til Cæsar hadde rive grunnen bort under republikken. Dei cæsarianske makthavarane hadde framleis stor innverknad, og jamvel om Cicero styrte romarstaten i nokre månader, er det for ettertida klårt at han styrte republikken inn i undergangen. Marcus Antonius slo seg ihop med Cæsars adopterte grandnevø Octavian, medan Cicero hadde misrekna seg og snart mista all politisk støtte. Dei nye alliansepartnarane laga ei liste (ein «proskripsjon») over romerske senatorar og borgarar som vart dømde til døden (truleg 300 senatorar og 2000 borgarar)Lane Fox, R. (2006), s. 402. og Cicero var ein av dei namngjevne senatorane på denne lista.