Snowplume Peak er eit lite pyramideforma fjell langs nordsida av Jones Mountains, 1,5 km vest-sørvest for Rightangle Peak og 3,5 km vest-sørvest for Pillsbury Tower. Det vart kartlagd av University of Minnesota Jones Mountains Party i 1960-61. Det fekk dette namnet fordi det alltid danna seg ein fane (plume på engelsk) av snøfokk frå toppen når det bles.
Kjelder
Kategori:Fjell i Ellsworth Land