Grosvenor Mountains er ei gruppe vidt spreidde fjell og nunatakar som stig opp av polarplatået i Antarktis, aust for toppen av Millbreen. Dei strekkjer seg frå Mount Pratt i nord til Mount Raymond-området i sør, og frå Otway Massif i nordvest til Larkman Nunatak i søraust. Dei vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på ein flytur under Byrd-ekspedisjonen til Sørpolen i november 1929, og vart namngjeven av han etter Gilbert Grosvenor, leiar i National Geographic Society, som var med på å finansiere ekspedisjonen. Fleire fjell nær Mount Raymond vart visstnok observert av Ernest Shackleton i 1908, men vart då rekna for å vere eit framhald av Dominion Range.
Kjelder
Kategori:Fjellkjeder i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast