Jan Myrheim () er ein norsk fysikar, kjent for oppdaginga av anyon.
Han studerte til cand.real. i fysikk ved Universitetet i Oslo (1972) og tok jobb same stad som vitskapleg assistent. Saman med Jon Magne Leinaas gjorde han grunnleggjande funn i faget fraksjonell statistikk, og avdekte at det i tillegg til boson og fermion kunne finnast ein tredje type partikkel (1976). Typen vart seinare stadfesta, og namngjeven anyon av den seinare vinnaren av nobelprisen, Frank Wilczek ved University of California (1982).Ny oppdagelse i Einstein-klasse: Ukjente partikler påvist etter 30 år fra ApollonJ.M.Leinaas, and J.Myrheim, "On the theory of identical particles", Nuovo Cimento B37, 1-23 (1977).F.Wilczek, Phys.Rev.Lett. 49, 957 (1982).
Sidan hadde Myrheim forskaropphald ved CERN i Genève og Niels Bohr Instituttet i København. Etter flytting til Trondheim (1984) har han arbeidt ved NTH (1985–), med opphald ved MR-senteret (1987–90). Med forskarstipend (1990–93) studerte han kvanteteorien for vekselverknad mellom identiske partiklar i ein og to dimensjonar, som er mykje meir rikhaldig enn i tre dimensjonar. Dette gav dr.philos. (1994) og han vart dertil professor (1994).hjemmeside ved NTNU
Utmerkingar Norsk Data sin pris innan partikkelfysikk (1982). Utdelt av Norsk Fysisk Selskap. Opptatt i Det Norske Videnskapsakademi og Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab IBM sin fysikkpris (1991), utdelt av Norsk Fysisk Selskap. Dei 20 000 kronene blei delt med Jon Magne Leinaas. Nansenmedaljen for fremragende forskning (30 000 kroner) innan naturvitskap (1993).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Myrheim» frå , den 22. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske kjernefysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Røyrvik Kategori:Folk tilknytte CERN