Ronny Ackermann () er ein tysk, tidlegare kombinertløpar frå Bad Salzungen. Mellom 2003 og 2007 vann han fire VM-gull, i tillegg har han vunne sju sølvmedaljar i ulike verdsmeisterskapar og i vinter-OL 2006, samt ein VM-bronse i 2001. Ackermann vann verdscupen i kombinert i 2002, 2003 og 2008.

Aktiv Ackermann vart verdsmeister i kombinert både i 2003, 2005 og 2007. Han er den einaste utøvaren som har vunne tre VM-titlar på rad. På heimebane i Oberstdorf i 2005 vann han også sprintdistansen i meisterskapen.

Frå desember 1999 til november 2008 vann Ackermann 28 tevlingar i verdscupen. I alt stod han 77 gongar på sigerspallen etter verdscuprenn.

Verdscupsigrar Dato Stad Land 9. desember 1999 Vuokatti Finland 5. januar 2001 Reit im Winkl Tyskland 10. februar 2001 Liberec Tsjekkia 23. november 2001 Kuopio Finland 25. november 2001 Kuopio Finland 18. desember 2001 Steamboat Springs USA 3. januar 2002 Reit im Winkl Tyskland 18. januar 2002 Liberec Tsjekkia 15. mars 2002 Oslo Noreg 22. januar 2003 Hakuba Japan 25. januar 2003 Sapporo Japan 9. mars 2003 Oslo Noreg 14. mars 2003 Lahti Finland 29. november 2003 Kuusamo Finland 30. november 2003 Kuusamo Finland 6. desember 2003 Trondheim Noreg 12. desember 2003 Val di Fiemme Italia 30. desember 2003 Oberhof Tyskland 22. februar 2004 Liberec Tsjekkia 29. februar 2004 Oslo Noreg 27. november 2004 Kuusamo Finland 4. desember 2004 Trondheim Noreg 5. desember 2004 Trondheim Noreg 2. januar 2005 Ruhpolding Tyskland 30. november 2007 Kuusamo Finland 12. nanuar 2008 Val di Fiemme Italia 20. nanuar 2008 Klingenthal Tyskland 29. november 2008 Kuusamo Finland

I 2003 vart han tildelt Holmenkollmedaljen saman med ein annan kombinertrennar, Felix Gottwald frå Austerrike.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ronny Ackermann» frå , den 21. februar 2013.

Bakgrunnsstoff Biografi hos FIS

Kategori:Tyske kombinertløparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett