Willebrord van Rojen Snell eller Willebrord SnelliusWillebrord Snellius at the Leiden Digital Family Tree. () var ein nederlandsk astronom og matematikar mest kjend for lova om refraksjon no kjend som Snell-lova.

Liv

Snell var fødd som Willebrord Snel van Royen.Encarta Winkler Prins, Grote Oosthoek Han var son av Rudolph Snel van Royen, professor i matematikk ved universitetet i Leiden fram til Willebrord etterfølgde han i 1613. Snel van Royen var professor ved universitetet i Leiden 1613–1626, og han publiserte mange bøker både innan den reine matematikken og bruksmatematikk, rundt temaa landmåling, navigasjon, hydrografi og astronomi. Han omsette ein del av desse arbeida til latin, og publiserte dessutan andre lærde sine arbeid. Då han døydde vart han gravlagd i Pieterskerk i Leiden.

Snell utvikla ein metode som gjorde det mogleg å berekne pi nøyaktig til 35 siffer etter komma.

I 1621 oppdaga han lova for lysbryting, og uavhengig av Snell gjenoppdaga og publiserte Descartes denne lova i avhandlinga si Discours de la Méthode i 1637.

Verk mini|venstre|Framsida til verket Tiphys Batavus

Blant publikasjonane hans er: Eratosthenes Batavus («Den bataviske Eratosthenes»), 1617 Cyclometria sive de circuli dimensione, 1621 Tiphys Batavus, 1624 Han redigerte Coeli et siderum in eo errantium observationes Hassiacae, 1618 med landgreve Wilhelm IV van Hessen sine stronomiske observasjonar. Doctrina triangulorum, 1627 verk om om trigonometri, utgjeve posthumt.

Gravmæle I Pieterskerk i Leiden finst framleis gravsteinen over Snell og kona hans. Inskripsjonen lyder:

«Hiar leggen begraven Mr Willebrordus Snellius, in sijn leven professor matheseos, sterf op den 30 Octobris 1626, ende Maria de Longe sijne huisvrouwe sterf op den 11 Novembrius 1627». Her ligg Mr Willebrordus Snellius gravlagd, i livet professor mateseos, død den 30. oktober 1626, og Maria de Longe hans husfrue død den 11. november 1627.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Willebrord van Rojen Snell» frå , den 20. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Nederlandske astronomar Kategori:Nederlandske matematikarar Kategori:Folk frå Leiden Kategori:Matematikarar på 1600-talet Kategori:Optikarar Kategori:Fysikarar på 1600-talet