«Mižerja» er det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på kroatisk av Super Klapa. Songen er skriven av Goran Topolovac.
Hrvatska Radiotelevizija (HRT) valde «Mižerja» internt som det kroatiske bidraget. Sidan berre dei fem store og vertslandet er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Kroatia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013.
Songen vil starte som nummer fire, etter Slovenia med «Straight Into Love» av Hannah og før Danmark med «Only Teardrops» av Emmelie de Forest.
Kjelder
Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Kroatiske songar Kategori:Kroatiskspråklege songar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Kroatiskspråklege Eurovision Song Contest-songar