thumb|Kabelvåg Kabelvåg (nordsamisk eller , lulesamisk ) er ein tettstad i Vågan kommune i Lofoten. Staden er det eldste fiskeværet i Lofoten.
Kabelvåg har både grunnskole og vidaregåande skole, og ein finn òg skolane Lofoten folkehøgskole og Nordland kunst- og filmskole her.
«Lofotkatedralen», Lofotakvariet, Galleri Espolin og Lofotmuseet er kjente turistattraksjonar. Rett vest for staden, i Storvågan, finst arkeologiske funn etter mellomalderbyen Vágar i Hålogaland. Få kilometer lenger vest ligg fjellet Vågakallen, eit motiv i mange målarstykke frå Lofoten og med ei populær rute for fjellklatrarar.
Bakgrunnsstoff Lofotakvariet Lofotmuseet
Kategori:Geografi i Vågan Kategori:Tettstader i Nordland Kategori:Fiskevær i Nordland