The Jungle Book (norsk tittel: Jungelboken) er ein amerikansk teiknefilm frå 1967, produsert av Walt Disney Productions. Det var den siste filmen produsert av Walt Disney, som døydde under produksjonen. Filmen er basert på forteljingane om villungen Mowgli frå boka Jungelboken, som vart skrive av Rudyard Kipling. Filmen er den 19. animerte langfilmen til Disney.

The Jungle Book er ein av Disneys mest populære filmar, og inneheld fleire klassiske songar, inkludert «The Bare Necessities» og «I Wan'na Be Like You». Mesteparten av songane er skrivne av brørne Richard og Robert B. Sherman. Filmen er regissert av Wolfgang Reitherman. Sonen hans, Bruce Reitherman, gav Mowgli stemme. Ein oppfylgjar til filmen, The Jungle Book 2 (norsk tittel Jungelboken 2) kom ut på kino i 2003.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Animasjonsfilmar frå Disney Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Familiefilmar Kategori:Filmkomediar Kategori:Filmar frå 1967 Kategori:Filmar frå USA